Får du pengar frå Lånekassen?

For deg som tar vidaregåande opplæring eller førebuande opplæring for vaksne og fyller 21 år eller meir i løpet av det kalenderåret skoleåret startar

Stipendet kan bli eit lån dersom du

  • jobbar og tener mykje pengar
  • får mykje pengar frå Nav
  • ikkje blir ferdig med vidaregåande eller grunnskole

Eg jobbar og har inntekt

Når du får stipend frå Lånekassen, må du vite dette: Stipendet kan bli eit lån om du jobbar mykje eller får pengar frå Nav.

Dersom du tener meir enn 214 213 kroner i 2024, kan delar av stipendet bli til lån, som du må betale tilbake. Får du pengar frå Lånekassen i sju månader eller mindre i løpet av eit kalenderår er grensa 535 532 kroner.

Vi ser på inntekta heile året, sjølv om du berre får støtte frå Lånekassen delar av året. 

Hugs at om du har søkt om lån i tillegg til stipend, må du uansett betale tilbake lånet. 

Eksempel:

  • Du får pengar frå Lånekassen både våren og hausten 2024 (heile kalenderåret). Du jobbar, og tener 250 000 dette året. Dette er over grensa. Du får ikkje fullt stipend, men noko lån. 
  • Du får pengar frå Lånekassen berre hausten 2024 (halve kalenderåret). Du jobbar og tener 500 000 kroner dette året. Dette er under grensa, og du får fullt stipend.

Eg får pengar frå Nav

Får du meir enn 114 617 kroner frå Nav, kan delar av stipendet bli til lån som du må betale tilbake.

Får du pengar frå Lånekassen i sju månader eller mindre i løpet av eit kalenderår er grensa 321 318 kroner.

Hugs at om du har søkt om lån i tillegg til stipend, må du uansett betale tilbake lånet. 

Disse stønadene kan føre til mindre stipend: 

  • Introduksjonsstønad 
  • Arbeidsavklaringspenger 
  • Stønad til einsleg forelder/overgangsstønad 
  • Uføretrygd 
  • Kvalifiseringsstønad 
  • Dagpenger under arbeidsløyse 
  • Andre skattepliktige ytingar 

Disse stønadene fører ikkje til mindre stipend: 

  • barnetrygd 
  • kontantstøtte
  • sosialstønad
  • andre skattefrie ytingar
Barnestipend:
483 359
er grensa for ektefelle/sambuars inntekt

Eg får barnestipend

Dersom du har inntekt, trygd eller formue over grensene, kan barnestipendet bli til lån.

Tener ektefellen eller sambuaren din meir enn det du skreiv i søknaden om stipend, kan barnestipendet bli gjort om til lån.  

Grensene for inntekt for ektefelle eller sambuar er 483 359 kroner i 2024. Inntekt over denne grensa kan føre til at noko av eller heile barnestipendet blir til eit lån.

Fullfør utdanninga

Stipendet kan bli eit lån viss du ikkje blir ferdig med utdanninga, bur hos foreldre eller har formue.

Kva om eg ikkje blir ferdig med vidaregåande eller førebuande opplæring for vaksne (tidligere grunnskoleopplæring)? 

Du må fullføre for å få fullt stipend.

På førebuande opplæring for vaksne må du møte på skolen og følgje undervisninga for å fullføre.

På vidaregåande må du bestå eksamen eller få standpunktkarakter for å fullføre. Fullfører du ikkje, har du eit lån som du må betale tilbake.

Eg bur hos foreldra mine 

Bur du hos foreldra dine, vil du normalt ikkje få stipend, bortsett frå om du har eigne barn som du bur saman med. Dette gjeld ikkje om du har fått flyktningstipend. 

Eg har formue 

Dersom du har formue over Lånekassens grenser, kan delar av stipendet bli til lån som du må betale tilbake.

Kvar hentar Lånekassen opplysningane?

Vi hentar opplysningar om inntekt og formue (skatteoppgjer) frå Skatteetaten.

 Har du ektefelle eller sambuar med felles barn, hentar vi også opplysningar for denne personen. 

Vi får skatteoppgjeret for 2023 i løpet av sommaren/hausten 2024. Då bereknar vi kor mykje stipend du hadde rett til i 2023. Vi ser på inntekta i heile kalenderåret sjølv om du berre har fått pengar halve året.  

Lånekassen får opplysningar om bestått utdanning frå skolen eller fylkeskommunen.