Bussjåfør eller lastebilsjåfør
Du kan få lån og stipend til fem vekers utdanning som yrkessjåfør
Dersom du berre skal ta 140 timar grunnutdanning for å få yrkessjåførkompetanse for førarkort i klasse C, CE og D, kan du få basislån for fem veker. Det utgjer 16 088 kroner totalt.
Du kan ikkje få basislån dersom du skal ta 140 timar grunnutdanning for å få yrkessjåførkompetanse for førarkort i klasse C1, C1E, D1, D1E og DE.
Du kan få lån og stipend for ei ekstra veke dersom du tar både grunnutdanning og førarkort
Dersom du skal ta både grunnutdanninga på 140 timar og førarkort i klasse C, CE eller D, kan du få basislån for til saman seks veker. Det utgjer 18 387 kroner totalt.
Du får pengane når du har starta på 140 timer grunnutdanning
Pengane blir utbetalte når skolen har bekrefta at du har starta på 140 timar grunnutdanning. Dette gjeld også om du tar førarkort klasse C/CE/D i samband med 140 timer.
Du kan ikkje få lån og stipend dersom du berre skal ta førarkort
Du kan berre få stipend og lån til førarkort dersom du tar det i samband med grunnutdanninga. Du må starte på, eller ta førerkortet innen tolv månader før grunnutdanningen starter.
Du kan få skolepengelån til å dekke utgiftene til kurset
Du kan låne inntil 124 429 kroner for å dekke utgifter til skolepengar eller kursavgift.
Søk når du har fått plass
Du må ha fått plass ved trafikkskolen før du søker om stipend og lån. Du må søke før du er ferdig med kurset. Unntaka er dersom kurset ditt startar før 1. november og blir avslutta etter 15. november, då må du søke før 15. november. Og startar kurset ditt før 1. mars og blir avslutta etter 15. mars, må du søke før 15. mars.