Flygarutdanning er som regel ei fagskole- eller bachelorutdanning. Gå til sidene for fagskole eller universitet og høgskole for å berekne kor mykje lån og stipend du kan få.
I tillegg kan du få eit ekstralån til skolepengar på inntil 440 768 kroner per studieår i maksimalt to år.
Skal du ta flygarutdanning i Luftforsvaret, får du ikkje lån og stipend, fordi du får lønn under utdanninga.
Det er ikkje ein eigen søknad om ekstralånet, du søker automatisk om det dersom du vel maksimalt lån i den vanlege søknaden og tar ei godkjend trafikkflygarutdanning.
Konkurs ved Pilot Flight Academy
Det er ikkje eigne reglar for studentar ved lærestader som går konkurs. Tok du utdanning ved Pilot Flight Academy og er ramma av konkursen, har du rett til studiestøtte til og med 15. januar. Det betyr at du ikkje får utbetalt meir lån etter utbetalinga i desember 2025.
Renter, betalingsutsetting og sletting av gjeld
Om du ikkje lenger har rett til støtte frå Lånekassen, blir det lagt til renter på lånet frå 16. januar. Den første rekninga får du om lag sju månader seinare. Du kan utsette betalinga dersom du ønsker det.Held du fram som fulltidsstudent våren 2026 og får støtte frå Lånekassen, blir det ikkje lagt til renter på lånet ditt.
Du kan ikkje få sletta studielånet sjølv om PFA har gått konkurs. Det er faste reglar for når ein kan få sletta studielån, for eksempel dersom ein er varig ufør. Lånekassen kan derfor ikkje slette lån i situasjonar som ikkje er omtala i regelverket.
Lån og stipend om du held fram med flygarutdanning eller startar på ei anna utdanning
Startar du på ei anna fulltidsutdanning i vårsemesteret, må du hugse å søke om studielån på nytt innan fristen 15. mars. Startar utdanninga etter 1. mars, er søknadsfristen normalt 15. juni 2026. Fristen gjeld både om du fullfører trafikkflygarutdanninga ved ein annan lærestad som er godkjend for stipend og lån, og om du startar på ei anna utdanning.
Du kan berre få ekstralån til trafikkflygarutdanning i to år. Det gjeld også om du held fram utdanninga ved ein annan lærestad, eller om du startar utdanninga på nytt. Brukar du tre år på å fullføre ei trafikkflygarutdanning som er normert til to år, kan du ha rett til ekstralån til trafikkflygarutdanning i inntil to år, og basislån og stipend i alle dei tre åra. Hovudregelen er at du kan bli forseinka med inntil eitt år (60 studiepoeng) utan å miste retten til basislån og ulike stipend.
Ikkje lån og stipend til trafikkflygarutdanning i utlandet
Lånekassen gir ikkje støtte til trafikkflygarutdanning utanfor Norden. Innafor Norden kan du berre få lån og stipend til trafikkflygarutdanning ved offentlege høgskular eller universitet.
Dokumentasjon på eksamenar hausten 2025
PFA har opplyst at dei skal rapportere eksamensresultat for hausten 2025 til Lånekassen så snart som mogleg. Du treng derfor ikkje sende noko. Dersom det likevel tar lang tid, og det ikkje er registrert eksamenar på Dine sider på lanekassen.no, må du laste opp ein karakterutskrift på Dine sider. Karakterutskrifta må innehalde: namn på utdanning, emnekode, emnenamn, tal på studiepoeng og dato for bestått emne.
Ta gjerne kontakt med oss om du lurer på noko
Studentane som er ramma av konkursen, og som får lån og stipend frå Lånekassen, vil få eigen informasjon frå Lånekassen på Dine sider. Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål.
