Konkurs ved Pilot Flight Academy

Denne sida gjeld deg som tok utdanning ved Pilot Flight Academy og blei ramma av konkursen i januar 2026.

Det er ikkje eigne reglar for studentar ved lærestader som går konkurs. Tok du utdanning ved Pilot Flight Academy og blei ramma av konkursen, hadde du rett til studiestøtte til og med 15. januar 2026. 

Betalingsutsetting i 2026

Ingen studentar som blei ramma av denne konkursen, treng å starte tilbakebetalinga i 2026, med mindre dei ønsker det sjølve.

Dersom du får lån fra Lånekassen til fulltidsutdanning våren og hausten 2026, vil du ikkje få rekningar, og heller ikke renter på lånet, så lenge du er i denne situasjonen.

Dersom du ikkje får lån fra Lånekassen til fulltidsutdanning, vil vi utsette rekningane slik at du ikkje treng å betale noko i 2026. Første rekninga du skal betale, vil ha forfall i januar 2027. Om du likevel ønsker å starte betalinga tidligere enn dette, kan du sjølvsagt gjere det.

Du kan ikkje få sletta studielån

Du kan ikkje få sletta noko av sjølve studielånet ditt, sjølv om PFA har gått konkurs. Det er faste reglar for kva situasjonar som kan gi rett til å få sletta studielån. Eit døme er om ein er varig ufør. Lånekassen kan derfor ikkje slette lån på grunnlag av situasjonar som ikkje er omtalte i regelverket.

Renter for 2026 kan bli sletta

Vi reknar renter på lånet ditt når du ikkje lenger får lån og stipend til fulltidsutdanning. Renter som er påløpt i 2026 hos studentar som er råka av konkursen ved PFA, kan likevel bli sletta på eit seinare tidspunkt. Dette krev ei regelendring.

Kunnskapsdepartementet planlegg derfor å sende ut ei høyring hausten 2026 med eit forslag om å endre forskriften om tilbakebetaling av utdanningslån, slik at rentene for 2026 kan slettast i dette tilfellet. Dette er ei oppfølging av Stortinget sitt anmodningsvedtak nr. 627 (2025–2026). Forslaget må deretter budsjettbehandlast i Stortinget. Ei avklaring på om rentene kan bli sletta ventas derfor tidlegast å komme i desember 2026.

Lån og stipend om du held fram med flygarutdanning eller startar på ei anna utdanning

Startar du på ei anna fulltidsutdanning i haustsemesteret 2026, må du hugse å søke om studielån på nytt innan fristen 15. november 2026. 

Du kan berre få ekstralån til trafikkflygarutdanning i to år. Det gjeld også om du held fram utdanninga ved ein annan lærestad, eller om du startar utdanninga på nytt. Brukar du tre år på å fullføre ei trafikkflygarutdanning som er normert til to år, kan du ha rett til ekstralån til trafikkflygarutdanning i inntil to år, og basislån og stipend i alle dei tre åra. Hovudregelen er at du kan bli forseinka med inntil eitt år (60 studiepoeng) utan å miste retten til basislån og ulike stipend.

Ikkje lån og stipend til trafikkflygarutdanning i utlandet

Lånekassen gir ikkje støtte til trafikkflygarutdanning utanfor Norden. Innafor Norden kan du berre få lån og stipend til trafikkflygarutdanning ved offentlege høgskular eller universitet.

Ta gjerne kontakt med oss om du lurer på noko

Studentane som er ramma av konkursen, og som fikk lån og stipend frå Lånekassen, vil få eigen informasjon frå Lånekassen på Dine sider. Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål.