Resultatet av valet blir no vist på sida.
Søknad om tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne
Søk om vanleg lån og stipend først
Før du kan søke om tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne, må du først sende inn søknad om lån og stipend. Deretter kan du søke om tilleggsstipend for same periode.
Desse krava må du oppfylle:
- Den nedsette funksjonsevna di påverkar studiesituasjonen så mykje at du ikkje kan jobbe utan å bli forseinka.
- Du kan ikkje ha lønna arbeid i perioden du får stipendet.
Les om reglane for stipendet.
Søknadsfrister
Søknadsfristen for tilleggsstipendet er siste dagen i perioden du søker lån og stipend for. Denne dagen finn du i vedtaksbrevet ditt på Dine sider.
- Fristen for å søke om tilleggsstipend for heile studieåret eller berre for vårsemesteret er for dei fleste 15. juni.
- Fristen for å søke om tilleggsstipend berre for haustsemesteret er for dei fleste 15. januar.
Slik søker du
- Last ned og skriv ut søknadsskjemaet - sjå nederst på sida.
- Fyll ut skjemaet saman med ein lege, spesialist eller ein annan fagperson med særleg kjennskap til den nedsette funksjonsevnen. Legen må vurdere hvordan den nedsatte funksjonsevnen påvirker studiesituasjonen din.
- Få stempel og signatur på skjemaet.
- Logg inn og vel Send dokumentasjon i menyen.
- Vel Send andre filer og søknadar.
Behandlingstid
Saka blir behandla av ein saksbehandlar. Derfor må du rekne med litt tid før du får svar.
Søknad nedsett funksjonsevne
2025-2026
Får du ikkje lasta ned søknaden? Prøv først med ein annan nettleser. Du kan også høyreklikke på skjemaet og velje "Lagre linken som" eller "Lagre kobling som" for å få lasta ned skjemaet.