Søk om vanleg lån og stipend først
Du må vere i ei utdanning som gir rett til basislån.
Søk om vanleg lån og stipend før du søker om utvidet støtte.
Du må vere i ei utdanning som gir rett til basislån.
Søk om vanleg lån og stipend før du søker om utvidet støtte.
For å ha rett til utvida støtte må du vere forseinka i utdanninga med meir enn 60 studiepoeng.
Du må ha blitt forseinka fordi du har nedsett funksjonsevne som lærestaden din ikkje har kunna legge til rette for. Er det ein annan grunn til at du er forseinka, har du ikkje rett til utvida støtte.
Legg ved stadfesting frå lærestaden din som viser at læringsmiljøet eller studiesituasjonen ved lærestaden ikkje var tilpassa funksjonsevna di.
Legg ved dokumentasjon frå Nav som viser at du ikkje får faste ytingar til livsopphald, som uføretrygd eller arbeidsavklaringspengar.
Legg ved dokumentasjon frå lege eller annan fagperson som bekreftar at du har ei funksjonshemming.
Det finst ikkje nokon eiga søknad om støtte til forseinking. Du sender først inn ein søknad om lån og stipend, og deretter lastar du opp dokumentasjon.
Slik gjer du det: