Dei fleste i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend eller andre stipend etter reglane som gjeld for elevar i vanleg vidaregåande opplæring. Dei får som oftast eit lågare beløp enn studentar som tek høgare utdanning, og alt, eller det meste er stipend.
Nokre elevar i vidaregåande opplæring kan søke stipend og lån etter dei same reglane som studentar i høgare utdanning. Dei får som oftast utbetalt meir og mesteparten av beløpet er eit lån, ikkje eit stipend.
Er du mellom 21 og 24 år og fekk stipend og lån i skoleåret 2023-2024?
Sjå lenger ned om reglane gjeld for deg eller ikkje.
Reglar for deg under 21 år utan studie- eller yrkeskompetanse
Du kan søke stipend og lån etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring dersom punkta gjeld:
- Du er under 21 år. Det vil seie fyller 20 år eller mindre i løpet av det kalenderåret skoleåret startar.
- Du har ikkje studie- eller yrkeskompetanse enno. Det betyr at du ikkje har fullført og bestått studieførebuande eller yrkesfagleg utdanning. Då har du fått vitnemål, fagbrev eller sveinebrev.
- Du tar ikkje fag på vidaregåande som privatist.
Då kan du ha rett til stipend, som for eksempel utstyrsstipend, bortebuarstipend og inntektsavhengig stipend. Er du over 18 år, kan du også få lån dersom du har barn, er gift eller ikkje bur med foreldra dine.
Les meir om reglar for deg under 21 år utan studie- eller yrkeskompetanse i del 2 i forskrift om utdanningsstøtte.
Reglar for deg over 21 år eller deg under 21 år med studie- eller yrkeskompetanse
Du kan søkje om lån og stipend etter reglane for høgare og anna utdanning dersom eitt av punkta gjeld:
- Du er 21 år eller eldre. Det vil seie fyller 21 år eller meir i løpet av det kalenderåret skoleåret startar.
- Du har studie- eller yrkeskompetanse. Det betyr at du har fullført og bestått studieførebuande eller yrkesfagleg utdanning. Då har du fått vitnemål, fagbrev eller sveinebrev.
- Du tar fag på vidaregåande som privatist.
Då kan du ha rett til lån, og lån som kan bli stipend, som blir gitt etter reglane for høgare og anna utdanning.
Les meir om reglar for deg over 21 år eller deg under 21 år med studie- eller yrkeskompetanse i del 3 i forskrift om utdanningsstøtte.
Unntak for deg mellom 21 og 24 år i skoleåret 2025–2026
På grunn av nye reglar frå skoleåret 2024–2025 er nokre søkarar med i ei overgangsordning. Det betyr at dei nye reglane ikkje gjeld dei. Denne overgangsordninga gjeld ikkje for privatistar.
Du er med i overgangsordninga dersom alle punkta gjeld:
- Du fyller frå 21 til 24 år i løpet av 2025.
- Du har ikkje studie- eller yrkeskompetanse enno. Det betyr at du ikkje har fullført og bestått studieførebuande eller yrkesfagleg utdanning. Då har du fått vitnemål, fagbrev eller sveinebrev.
- Du fekk utstyrsstipend, andre stipend eller lån etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring (del 2 i forskrift om utdanningsstøtte) i skoleåret 2023–2024.
Gjeld det deg, kan du framleis få stipend som blir gitt etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring i 2025–2026. Sjølv om du er over 21 år, får du ikkje lån og lån som kan bli stipend, som blir gitt etter reglane for høgare og annan utdanning.
Overgangsordninga gjeld fram til du har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse, men ikkje lenger enn ut skoleåret 2025–2026.
Dersom du skal fortsette i førebuande opplæring i skoleåret 2025–2026, gjeld overgangsordninga i skoleåret fram til du har fullført førebuande opplæring, eller til du har fått stipend, for eksempel som utstyrsstipend, i to år. Overgangsordninga gjeld uansett ikkje lenger enn ut skoleåret 2025–2026.
Du er ikkje med i overgangsordninga dersom begge punkta under gjeld deg. Du fyller frå 21 til 24 år i løpet av 2025 og har fått:
- utstyrsstipend eller inntektsavhengig stipend, bortebuarstipend eller slike stipend som flyktningstipend i skoleåret 2023–2024 til førebuande opplæring
- stipend som nemnt i punktet over i to år før skoleåret 2025–2026 startar
Då kan du ha rett til lån og stipend etter reglane for høgare og anna utdanning.