Informasjonskapslar er små tekstfiler som blir plasserte på datamaskina di når du lastar ned ei nettside. Dei aller fleste nettsider bruker slike informasjonskapslar.
Tenestene våre inkluderer
- Lanekassen.no
- Dine sider
- Statistikk og analyse
- Foreldresignering
- Informasjon for lærestader
- Søknader
Bruk av informasjonskapslar er tillat når du har fått informasjon om kva for informasjonskapslar vi bruker og samtykker til dette. Dette er fastsett i ekomlova § 2-7 b. Vi skal informere deg om kva opplysningar som blir behandla til kva formål, og kven som behandlar opplysningane.
Vår bruk av informasjonskapslar inneber bruk av personopplysningar. Behandlingsgrunnlaget for dette er personvernforordninga artikkel 6 nr 1 f, som tillét oss å behandle opplysningar som er nødvendig for å ivareta ei interesse som veg tyngre enn omsynet til den enkelte sitt personvern. Den interessa er å få nettsidene våre til å fungere godt slik at du får ei god brukaroppleving.
Når Lånekassen bruker informasjonskapslar til statistikk- og analyseformål, lagrar vi ikkje informasjon som kan identifisere deg personleg. Opplysningane blir behandla i avidentifisert og aggregert form. At opplysningane er avidentifiserte betyr at vi ikkje kan spore opplysningane vi samlar inn tilbake til deg. Vi anonymiserer IP-adressa, og kan ikkje kople bruksstatistikk til enkelte IP-adresser.
I tillegg til å bruke statistikk- og analyseverktøy, treng vi å følge med på korleis tenestene fungerer. Tekniske loggar som blir brukt til dette formålet blir då kopla både mot IP-adresser og andre personidentifikatorar.
Hindre eller slette informasjonskapslar
Dei fleste nettlesarar er innstilte på å akseptere informasjonskapslar automatisk. Du kan sjølv hindre at informasjonskapslar blir lagra ved å endre på innstillingane i nettlesaren. Då vil ikkje sidene fungere optimalt, og tenestene som krev at du loggar inn vil ikkje fungere. Du kan også slette informasjonskapslar i nettlesaren eller gjennom filbehandling.
Informasjonskapslar på tenestene våre
Informasjonskapslar for innlogging
- lkauth: denne informasjonskapselen lagrar informasjon om du er logga inn eller ikkje. Den blir sletta når du lukkar nettlesaren.
Informasjonskapslar i Siteimprove (analyseverktøy)
Lånekassen bruker Siteimprove som analyse- og statistikkverktøy for å kvalitetssikre tenestene våre. Vi bruker det for å rette feil og manglar, analysere besøk og klikk, med meir.
Informasjonen som blir samla inn av Siteimprove blir lagra på selskapets servere i ulike EU-land i samsvar med Siteimproves retningslinjer for personvern og databehandlaravtale med Lånekassen. Siteimprove bruker følgande informasjonskapslar:
- nmstat: Denne informasjonskapselen har ein varigheit på 1000 dagar. Formålet er å samle inn informasjon om brukaren sitt besøk på nettsida. Informasjonskapselen inneheld ein tilfeldig generert ID som blir brukt til å kjenne igjen nettlesaren når ein brukar besøker ei side. Informasjonskapselen inneheld ikkje personopplysningar og blir berre brukt til statistikk på bruk av sida.
- AWSALBCORS: Denne informasjonskapselen har ein varigheit på sju dagar. Den skal sikre at alle analysedata for same besøk (brukarsesjon) blir sendt til same endepunkt. Dette blir brukt til å stille saman kva for sekvens ein person besøker ulike sider på, som igjen understøttar kartlegging av oppførsel.
Informasjonskapslar i App Dynamics
Lånekassen bruker verktøyet App Dynamics for å følge med på korleis tenestene våre fungerer og for å avdekke feil. App Dynamics bruker følgande informasjonskapslar:
- ADRUM_BTa: Inneheld ein transaksjons-ID og tidsinformasjon, og blir brukt til å samanlikne brukaroppleving med kvaliteten til tenestene våre.
- ADRUM_BTg: Inneheld ein transaksjons-ID og blir brukt som ein alternativ metode for å samanlikne brukaropplevinga med kvaliteten til tenestene våre.
- ADRUM_BT[1-5]: Inneheld forretningstransaksjonsnumra og tidsbruk, og feilinformasjon for dei første fem transaksjonane, for eksempel ADRUM_BT1, ADRUM_BT2, etc.
- ADRUM_BTs: Inneheld ei kopling frå eit augeblikksbilete av nettlesaren til eit augeblikksbilete i tenestene våre.
- ADRUM_BTh: Berre skrive dersom det oppstod ein feil i ein av tenestene våre.
- SameSite: Gjer det mogleg for koden som køyrer i nettlesaren din å få tilgang til ADRUM_BT-informasjonskapselen for å oppretthalde forretningstransaksjonskorrelasjon. Når SameSite-informasjonskapslar er til stades, har koden tilgang til ADRUM_BT-informasjonskapselen med forretningstransaksjonsdata. Utan SameSite-informasjonskapslar kan ikkje koden analysere forretningstransaksjonsdata i informasjonskapselen som er sendt frå tenestene våre. Dette er fordi data blir sendt til ein annan stad enn lanekassen.no.