Eit godt og sosialt miljø
Vi har ein eigen sos.kom, som steller i stand til festlegheiter og sosiale samankomstar. I tillegg har vi mange ulike sosiale grupper som møtast jamleg: for eksempel går vi tur saman, vi har ei klatregruppe, og løpegruppa motiverer kvarandre til å yte litt ekstra (i år var det fleire av oss som deltok i Trondheim maraton). I tillegg har vi strikkeklubb og ein filmklubb. Det skal vere noko for alle, og alle er velkomne til å delta på alt.
Vi byr også på sykkelparkering og gode garderobefasilitetar. Og om du vil, kan du ete deg mett i den fine kantina vår, som serverer varm mat og byr på ein god salatbar.
Hos oss på Brattørkaia finner du lys og varme – sommar som vinter.