Personar frå Ukraina som har opphaldsgrunnlaget «kollektiv beskyttelse» har same retten til lån og stipend som andre som har fått vern (asyl) i Noreg. Forutsetninga er at dei er tatt opp i ei utdanning som gir rett til lån og stipend frå Lånekassen, og at dei elles fyller vilkåra for lån og stipend.
Eige stipend for flyktningar
Det finst eit eige stipend for flyktningar som tar vidaregåande opplæring og flyktningar som tar grunnskoleopplæring for vaksne. Merk: Flyktningar som får introduksjonsstønad, kan ikkje få flyktningstipend, men dei kan ha rett til vanleg lån og stipend frå Lånekassen.
Flyktningar som tar høgare utdanning
Flyktningar som tar høgare utdanning i Noreg, kan ikkje få flyktningstipend, men dei kan få lån og stipend på same måte som norske statsborgarar, så framt at dei tar ei utdanning som gir rett til lån og stipend, og de elles fyller vilkåra.
Les meir om universitet og høgskole
Studentar med barn kan få meir lån og stipend
Studentar som har barn, kan få barnestipend, og studentar som får barn under utdanninga, kan ha rett til foreldrestipend.
Søknadsfrist for våren 2022
Søknadsfristen for våren 2022 gjekk ut 15. mars, men det kan bli gjort unntak frå søknadsfristen for flyktningar frå Ukraina, dersom dei har komme i gang med utdanning våren 2022. Sidan den vanlege søknadsfristen er ute, må du kontakte Lånekassen for å få tilsendt søknadsskjema.
For å søke må du vere tatt opp i ei utdanning som gir rett til lån og stipend frå Lånekassen. Du må også ha fått norsk personnummer eller D-nummer for å søke, og eit norsk bankkontonummer for å få pengar utbetalt. Dersom du ikkje har elektronisk ID, må du ha ei adresse i Noreg som vi kan sende vedtak og avtale om støtte til.
Søknadsfrist for hausten 2022
Det er mogleg å søke om lån og stipend for hausten 2022 tidlegast frå midten av mai, når vi opnar nettsøknaden for dette semesteret.
For å søke må du vere tatt opp i ei utdanning som gir rett til lån og stipend frå Lånekassen. Du må også ha fått norsk personnummer eller D-nummer for å søke, og eit norsk bankkontonummer for å få pengar utbetalt. Dersom du ikkje har elektronisk ID, må du ha ei adresse i Noreg som vi kan sende vedtak og avtale om støtte til. Søknadsfristen for lån og stipend for hausten 2022 er 15. november 2022.