Søknad om sletting av gjeld ufør

Når kan du søke?

Vent med å søke til du har fått vedtak om uføretrygd.

Dokumentasjon

Som dokumentasjon til søknaden må du sende inn vedtaksbrev frå Nav som viser uføregraden din.

Dersom du får barnetillegg for barn over 16 år må du legge ved dokumentasjon frå Nav, forsikringsselskap eller andre som viser kor mykje du får.

Dersom du har fått etterbetalingar, kan vi sjå bort frå desse dersom du sender inn dokumentasjon på at dei gjeld eit tidlegare år.

Send søknaden elektronisk

Du må logge inn med BankID for å søke om sletting av gjeld ved uførhet.

Behandlingstid

Når vi har sett på søknaden og sjekka at vi har den nødvendige dokumentasjonen, får du eit foreløpig svar frå oss. Du må logge inn på Dine sider for å sjå svaret. 

Vi kan først ferdigbehandle søknaden din når skatteoppgjeret for det året du søkte, er klart.

I mellomtida sender vi normalt ikkje rekningar.

Gå til søknad om sletting av gjeld for uføre