Når du er ufør

Reduksjon av gjeld for uføre.

Du kan få sletta gjeld om du:

  • er minst 40% eller 50% ufør
  • får uføretrygd
  • har inntekt under 548 362 kroner i 2024

Uføre kan få sletta gjeld

Blir du ufør, kan Lånekassen slette heile eller delar av gjelda di.

Du må ha uføretrygd

Du må motta uføretrygd frå Nav på det tidspunktet du søker om å få sletta gjeld.

Du må vere minst 50 prosent ufør. Dersom du fekk AAP (arbeidsavklaringspengar) frå Nav heilt fram til du fekk vedtak om uføretrygd, er det nok at du er minst 40 prosent ufør.

Du kan søke om sletting av gjeld dersom du bur i utlandet og har fått innvilga ei yting i eit anna land som tilsvarer norsk uføretrygd. Du kan ikkje få uføretrygd frå Nav i Noreg.

Dersom du går over til å motta alderspensjon i stedet for uføretrygd, kan du ikkje søke om sletting av gjeld etter reglane for uføre.

Vent med å søke til du har fått innvilga uføretrygd

Du må ha fått innvilga uføretrygd hos Nav før du søker om sletting av gjeld hos Lånekassen. I mellomtida kan du bruke andre ordningar for betalingsletter. Du kan søke om sletting av renter dersom du har AAP, er sjuk eller er i ein annan situasjon som gir rett til sletting. Du kan også søke om betalingsutsetting.

Inntekta di avgjer kor mykje gjeld som kan bli sletta

Du kan berre få sletta gjeld dersom du har person- og kapitalinntekt på 548 362 kroner eller mindre i 2024. Dette gjeld dersom du ikkje har barn under 16 år som du forsørger. Har du barn under 16 år, kan du legge til 17 904 kroner per barn, for å sjå kva for grense som gjeld deg.

Sjå inntektsgrenser for tidlegare år

Både inntekt frå trygd og arbeid skal reknast med. Barnetillegg og barnepensjon for barn over 16 år skal ikkje reknast med. Dersom du mottek barnetillegg for barn over 16 år, må du legge ved dokumentasjon frå Nav, forsikringsselskap eller andre som viser kor mykje du får.

Avkastning av formuen til barn blir ikkje rekna med dersom formuen blir forvalta av statsforvaltaren.

Dersom du har fått etterbetalingar, kan vi sjå bort frå desse dersom du sender inn dokumentasjon på at dei gjeld eit tidlegare år.

Gjelda blir redusert ned til faste beløp

Kor mykje du vil sitte igjen med i gjeld og kor mykje du skal betale ned i månaden, altså terminbeløpet ditt, blir berekna ut frå inntekta di, og er uavhengig av kor stor gjeld du har.

For 2024 gjeld desse grensene og summane: 

Person- og kapitalinntekt per år Ny gjeld Nytt terminbeløp
0–380 302 kroner 0 kroner 0 kroner
380 303–422 191 kroner 76 859 kroner 821 kroner
422 192–462 772 kroner 89 633 kroner 985 kroner
462 773–505 595 kroner 102 593 kroner 1 161 kroner
505 596–548 362 kroner 115 367 kroner 1 323 kroner

Hugs at du skal legge til 17 904 kroner til inntektsgrensa i tabellen per barn under 16 år. Barn blir rekna som barn til og med det året dei fyller 16 år.

Kven blir rekna som barn? 

  • eigne barn, også barn som du betaler bidrag for
  • barn av ektefellen din, dersom du bur saman med barnet minst 40 prosent av tida
  • barn av sambuaren din, dersom du og sambuaren også har felles barn. Du må bu saman med barna minst 40 prosent av tida
Gå til søknaden

Oppsagt lån

Har du
oppsagt lån
kan du også få sletta gjeld

Dersom lånet ditt er oppsagt og mellombels overført til Statens innkrevjingssentral, kan du likevel søke om å få sletta gjeld om du er ufør.

Permanent overført til Statens innkrevingssentral

Er lånet ditt permanent overført til Statens innkrevingssentral, har du ikkje lenger rettar hos Lånekassen. Då kan du søke om ettergjeving hos Statens innkrevingssentral.

Betalingsutsetting

Alle kan utsette betalinga
36 gongar

I løpet av nedbetalingstida kan alle utsette rekninga inntil 36 gongar, som tilsvarar tre år til saman. Du treng ikkje oppgi noko spesiell årsak for å få utsett betalinga.

Ver oppmerksam på at nedbetalingstida blir lengre, sidan du må betale rekninga seinare enn planlagt, og at renter blir lagt til lånet ditt også i periodar der du ikkje betaler. Det fører til at du må betale meir renter samla sett, enn om du ikkje utsett betalinga. Utset du éi rekning, utvidar vi nedbetalingstida med éin månad. Utset du to rekningar, utvidar vi med to månader, og så vidare.

Du kan både utsette rekningar du allereie har fått og rekningar som skal komme seinare. Utset du rekningar du ikkje har fått ennå, sender vi deg ikkje rekninga.

Du får først eit foreløpig svar

Du får endeleg svar først når skatteoppgjeret ditt er klart.

Lånekassen må vente på skatteoppgjeret

Du får først eit foreløpig svar på søknaden din. Vi kan gi deg eit endeleg svar først hausten etter det året du søkte, når skatteoppgjeret ditt er klart.

I den foreløpige behandlinga vil vi legge til grunn opplysningar frå A-ordninga og dei opplysningane du har gitt i søknaden. A-ordninga er eit statleg register over inntektsopplysningar i Norge.

Dersom det er sannsynleg ut frå opplysningane i saka di at du vil få sletta heile eller delar av gjelda di, vil du ikkje få rekningar i behandlingstida. Dersom det ikkje er sannsynleg, vil du få rekningar medan du ventar på endeleg svar.

Det blir lagt renter på lånet ditt i ventetida. Dersom heile eller delar av gjelda di blir sletta, slettar vi desse rentene heilt eller delvis.

Dersom du får avslag på søknaden din om sletting av gjeld, vil nedbetalingstida bli forlenga med den tida du ikkje har betalt rekningar. Du må dermed betale noko meir totalt, fordi det har blitt lagt til renter i den perioden du ikkje har betalt.

Du kan søke fleire gongar

Dersom du får avslag eller berre får sletta delar av gjelda, kan du søke på nytt eit seinare inntektsår dersom inntekta din er lågare då.

Vedtak kan bli oppheva om du får stipend eller lån til utdanning på nytt

Dersom du får stipend eller lån til utdanning før det har gått 10 år, kan vedtaket om sletting av gjeld bli oppheva.

 

 

 

Aktuelt regelverk