Sletting av gjeld for lærarar

Lånekassen har tre ulike ordningar for sletting av gjeld for lærarar. Vilkåra er ulike, og det er ulike søknadsfrister. Alle ordningane er omtala på denne sida.

Nyutdanna lærarar kan få sletta gjeld etter tre år i jobb

Denne ordninga gjeld i heile Noreg, men beløpa er høgare om du tar lærarjobb i nord. 

Kven kan få sletta gjeld?

Tar du femårig grunnskulelærarutdanning, lærarutdanning i praktiske og estetiske fag, eller lektorutdanning, kan du få sletta delar av studielånet ditt om du jobbar som lærar i grunnskulen eller i vidaregåande opplæring i ein oppteningsperiode etter utdanninga.

Ordninga gjeld for studentar som starta i ei av dei aktuelle utdanningane frå og med undervisningsåret 2017–2018, og dei første kan få sletta gjeld i 2025. For lærarutdanning i praktiske og estetiske fag, kan dei første få sletta gjeld i 2029.

Kor mykje av gjelda kan slettast?

  • Grunnskulelærar for trinn 1-7: 106 000 kroner
  • Grunnskulelærar for trinn 5-10: 51 000 kroner 
  • Lektorutdanning for trinn 8-13: 51 000 kroner 
  • Lærarutdanning i praktiske og estetiske fag, trinn 1-13: 106 000 kroner 

Kva krevst for å få sletta gjeld?

  • Du må fullføre utdanninga på normert tid.
  • Du må jobbe som lærar i tre av dei første seks åra etter fullført utdanning.

Du kan få unntak frå kravet om normert tid

Du kan få unntak dersom årsaka til at du brukte lengre tid var

  • at du fekk barn i utdanningsperioden
  • at du var sjuk
  • at du har nedsett funksjonsevne, og læringsmiljøet eller studiesituasjonen ikkje var tilpassa dette 
  • at du hadde tillitsverv på fulltid i minst tre månader i ein landsomfattande studentorganisasjon eller liknande. 

Krav til oppteningsperioden 

Du må vere yrkesaktiv i ei undervisningsstilling på minst 50 prosent i grunnskulen eller i vidaregåande opplæring i minst tre av dei første seks åra etter at du avslutta utdanninga di. Du kan reknast som yrkesaktiv også i eventuelle periodar du har foreldrepermisjon, dersom du har ein stillingsprosent på minst 50.

For deg som er lærar i Nord-Noreg

Om du fullfører ei av utdanningane over, og jobbar som lærar i Nordland, Troms eller Finnmark i minst tre år, kan du få sletta 55 000 kroner av studielånet ditt. Du treng ikkje å ha fullført studia på normert tid, men om du har gjort det, kjem dette beløpet i tillegg til den slettinga du får når oppteninga ikkje skjer i Nord-Noreg.

Ordningane kan kombinerast 

Dei forskjellige ordningane kan kombinerast. Om du for eksempel fullfører grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7 på normert tid og jobbar tre år som lærar i Nord-Noreg, kan du få sletta 161 000 kroner av studielånet (106 000 + 55 000 kroner). Har du tatt spesialisering i realfag eller framandspråk, eller har samisk eller kvensk i fagkrinsen, kan du få sletta 50 000 i tillegg.

Du vil óg kunne kombinere denne ordninga anten med den nye ordninga for distriktskommunar, eller med ordninga for Finnmark og Nord-Troms. Dersom du bur i ein distriktskommune i oppteningsperioden på tre år, vil du kunne få sletta 25 000 kroner for kvart år etter distriktsordninga, i tillegg til det du får etter ordninga for lærarar. Bur du i Finnmark eller Nord-Troms i oppteningsperioden, kan du få sletta ein høgare sum.

Les også: 

Eksempel på kor mykje gjeld ein lærar kan få sletta.

Slik søker du om sletting av gjeld 

Du kan først søke om sletting av gjeld etter at oppteningstida er ute, det vil seie når du er ferdig med den femårige utdanninga og deretter har jobba minst tre år som lærar i grunnskulen eller i vidaregåande opplæring. Du vil finne ein søknad på nettsidene våre frå sommaren 2025.

Merk! Dersom du kvalifiserar for sletting av gjeld etter den nye ordninga for distriktskommunar eller etter ordninga for Finnmark og Nord-Troms, må du søke etter kvar 12-månaders oppteningsperiode. Søknaden må være komme inn til Lånekassen seinast tre måneder etter at oppteningsperioden er omme.

Søknadsfrist

Søknadsfristen blir rekna frå starten av dei seks årene etter fullført utdanning. Søknaden må ha komme inn til Lånekassen seinast seks månader etter at denne seksårsperioden er over.

Les også:

Ny ordning for busette i distriktskommunar

Lærarutdanning med spesialisering i realfag, framandspråk, samisk eller kvensk

Om du fullfører visse lærarutdanningar med spesialisering i realfag, framandspråk, samisk eller kvensk, kan du få sletta gjeld.

Dersom du fyller vilkåra over, kan du få sletta gjeld med opptil 50 000 kr. Har du mindre gjeld enn 50 000, vil du få sletta resten av lånet ditt.

Søknaden må vere kommen inn til Lånekassen seinast seks månader etter at du har tatt siste eksamen eller har levert inn masteroppgåva di i den utdanninga du søker om sletting for. Datoen du blei tildelt graden din eller datoen vitnemålet er utstedt, har ikkje betydning for søknadsfristen. 

Spesialisering i realfag eller framandspråk

Du kan berre få sletta gjeld dersom faga er ein øvrig del av masterprogrammet. Følgande program gir rett til sletting:

  • Femårig integrert masterprogram i lærarutdanning med spesialisering/masteremne i realfag eller framandspråk (bortsett frå nordisk/norsk)
    Eksempel: Dersom du tar ein master i grunnskolelærar- eller lektorutdanning og vel realfag eller framandspråk som ditt masteremne eller som di spesialisering, vil du ha rett til sletting av gjeld etter denne ordninga etter fullført utdanning. 
  • To-årig fagdidaktisk masterprogram for lærarar som tar spesialisering i realfag eller framandspråk (bortsett frå nordisk/norsk). Eit toårig masterprogram tel som 120 studiepoeng
  • Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), dersom du tidlegare har fullført mastergrad eller hovudfag i biologi, fysikk, geofag, informasjonsteknologi, kjemi, matematikk, teknologiske fag / sivilingeniørutdanning eller framandspråk (bortsett frå nordisk/norsk)
  • Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), dersom du tidlegare har fullført ingeniørutdanning

Les også

Eksempel på kor mykje ein lærar kan få sletta

Samisk eller kvensk språk

Ordninga gjeld deg som fullfører 60 studiepoeng eller meir i samisk språk som del av desse utdanningane:

  • Samisk grunnskolelærarutdanning
  • Samisk barnehagelærarutdanning
  • Grunnskolelærarutdanning
  • Lektorutdanning

Ordninga gjeld også deg som tar eller har tatt minst 60 studiepoeng i samisk eller kvensk språk i tillegg til ei av desse utdanningane:

  • Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
  • Barnehagelærarutdanning
  • Grunnskolelærarutdanning
  • Lektorutdanning
  • Lærarutdanning i praktiske og estetiske fag

Slik søker du

Når du har tatt siste eksamen eller levert inn masteroppgåva di, kan du søke. Logg inn på Dine sider og last opp søknadsskjemaet, som du har fylt ut og signert. Legg ved ein kopi av det originale vitnemålet ditt.

Søknadsfrist

Søknaden må vere kommen inn til Lånekassen seinast seks månader etter at eksamen er gjennomført. Du vil få beskjed i eit eige brev når slettinga er gjort. Du kan også sjå om du har fått sletta gjeld på Dine sider, under "kontobevegelsar".

Behandlingstid

Det kan være lang behandlingstid på søknadar om sletting av gjeld. Det betyr at du kan få svar på søknaden etter at fristen har gått ut. Så lenge du har sendt inn søknaden om sletting av gjeld innan fristen, vil du få moglegheit til å ettersende eventuell nødvendig dokumentasjon etter fristen, dersom vi ber om dette.

Du får eit brev frå oss på Dine sider når søknaden din er ferdigbehandla. Du kan også sjå om du har fått sletta gjeld på Dine sider under "Kontobevegelsar".

Reglane for denne ordninga finn du i kapittel 10 i forskriften om tilbakebetaling, på lanekassen.no/forskrifter

Last ned søknadsskjema for visse lærerutdanningar (Pdf)

Grunnskolelærar i Finnmark eller Nord-Troms

Du kan få sletta 20 000 kroner av lånet ditt kvart år.

Målet med ordninga er å rekruttere fleire kvalifiserte grunnskolelærarar lengst nord i landet. Ordninga fungerer slik at du først må jobbe som grunnskolelærar i Finnmark eller i Nord-Troms i eitt år. Deretter kan du få sletta studielån.

Sletting av lån for grunnskolelærarar kjem i tillegg til den generelle ordninga for sletting av lån, der alle som bur og jobbar i regionen kan få sletta inntil 30 000 kroner i året. Dersom du har rett til begge delar, må du derfor sende inn to søknadar – ein for kvar ordning.

Kor mykje blir gjelda redusert med?

Du kan få sletta 20 000 kroner av gjelda di kvart år. Har du mindre enn 20 000 kroner i gjeld, slettar vi resten av gjelda di.

Kven kan søke?

Ordninga gjeld deg som:

  • er kvalifisert lærar Finnmark eller i ein av desse kommunane i Nord-Troms: Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen og Karlsøy.
  • oppfyller kompetansekrava etter opplæringslova §17-3, første ledd.
  • har vore yrkesaktiv i minst 50 prosent undervisningsstilling i grunnskolen i tolv samanhengande månader
  • Har studiepermisjon med stipend eller lønn tilsvarande minst 50 prosent av full stilling, dersom lønna blei betalt av skolen du er tilsett ved.

Det er ikkje eit krav at du bur i Finnmark eller Nord-Troms.

Søknadsfrist

Du må søke innan tre månader etter at du har jobba som lærar i eitt år (oppteningsperiode). Dersom du har jobba som lærar i Finnmark eller Nord-Troms i meir enn eitt år, kan du likevel søke, og du kan då få sletta gjeld for inntil 12 månader tilbake i tid.

Gå til søknad for lærere i Finnmark og Nord-Troms