Vidaregåande utanfor Norden
Bur i utlandet på grunn av sjukdom eller i ein avgrensa periode
Dersom du bur i utlandet på grunn av eigen sjukdom, eller sjukdom hos ein av foreldra dine eller ektefellen din, kan du søke om stipend og lån.
Du må sende inn legeerklæring som stadfestar at du bur i utlandet på grunn av sjukdom.
Dersom familien din bur i utlandet i ein avgrensa periode, kan du også søke om stipend og lån. Du må i så fall sende inn dokumentasjon som viser kvifor foreldra dine er busett i utlandet, og at opphaldet er tidsavgrensa.
For å få støtte etter desse reglene, må den vidaregåande opplæringa som du skal ta, tilsvare vidaregåande opplæring i Noreg. Du må også oppfylle vilkåra for å ha rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova. I tillegg må du:
- ikkje ha studie- eller yrkeskompetanse enno. Det betyr at du ikkje har fullført og bestått studieførebuande eller den yrkesfagleg utdanning
- ikkje fylle meir enn 24 år det kalenderåret skolen startar
Fått opptak til franske lycé
Du kan få stipend og lån om du skal gå på fransk lycé og har fått opptak gjennom Institut français de Norvège eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).
Fått opptak til United World College
Du kan søke om stipend og lån om du har fått opptak gjennom Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse til eit United World College.
Fått opptak til yrkesfagleg opplæring som ikkje finst i Noreg eller som blir rekna som verneverdig tradisjonshandverk
Du kan få stipend og lån om du skal ta yrkesutdanning på nivå med vidaregåande opplæring i utlandet, og utdanninga di;
- ikkje blir tilbode i Noreg, eller
- utdanninga blir rekna som eit verneverdig tradisjonshandverk i Noreg. Kva for fag det gjeld står på ei liste over verneverdige tradisjonsfag publisert av utdanningsdirektoratet.
Om fagutdanninga i utlandet er på nivå med norsk fagskole kan du få det same i lån og stipend som dei som tar fagskole i Noreg.