Unntaka på denne sida er midlertidige. Vi oppdaterer sida når det skjer endringar.
Sist oppdatert: 18. juni 2026.
Norske utvekslingsstudentar i Jordan våren 2026
Dersom dette gjeld deg, får du unntak frå:
- å måtte bu på studiestaden for å få utbetalt lån og stipend. Det betyr at du kan ta utdanninga for eksempel som eit nettstudium, og likevel få utbetalt lån og stipend
- å måtte bu borte frå foreldra dine for å ha rett til å få gjort om lån til stipend. Det betyr at det ikkje vil ha noko å seie for omgjering av lån til stipend dersom du bur saman med foreldra dine samtidig som du tar denne utdanninga.
Instruks om unntak for norske utvekslingsstudenter i Jordan (PDF)
Studentar i Palestina og Libanon
Desse unntaka har vore gjeldande for studentar i Palestina og Libanon frå og med studieåret 2023–2024, og gjeld til og med studieåret 2025–2026. Unntaka gjeld berre for deg som allereie var i gong med ei utdanning i studieåret 2023–2024.
Dersom dette gjeld deg, får du unntak frå:
- å måtte bu på studiestaden for å få utbetalt lån og stipend. Det betyr at du kan ta utdanninga for eksempel som eit nettstudium, og likevel få utbetalt lån og stipend.
- å måtte bu borte frå foreldra dine for å ha rett til å få gjort om lån til stipend. Det betyr at det ikkje vil ha noko å seie for omgjering av lån til stipend dersom du bur saman med foreldra dine samtidig som du tar denne utdanninga.
Instruks om videreføring av unntak for norske studenter i Palestina og Libanon 2025–2026 (PDF)
Utdanning i Russland og Belarus
Lånekassen har ikkje gitt lån og stipend til nye utdanningar i Russland og Belarus sidan studieåret 2022–2023. Dette unntaket er forlenga, og gjeld til og med studieåret 2026–2027.
Instruks til Lånekassen om støtte til utdanning i Russland og Belarus 2025–2026 og 2026-2027 (PDF)
Norske studentar ramma av krigen i Ukraina
Lånekassen har gjort unntak for studentar som er ramma av krigen i Ukraina sidan våren 2022. Desse unntaka gjeld deg som var i gong med utdanning i Ukraina i vårsemesteret 2022 og som fortsette på utdanning der. Unntaka gjeld fram til fullført utdanning. Unntaka gjeld både om du var på utveksling, eller om du tok ein heil grad i Ukraina.
Dersom dette gjeld deg, får du unntak frå:
- å måtte bu på studiestaden for å få utbetalt lån og stipend. Det betyr at om du for eksempel måtte fortsette studiet som eit nettstudium, kunne du likevel få utbetalt lån og stipend.
- å måtte bu borte frå foreldra dine for å ha rett til å få gjort om lån til stipend. Det betyr at det ikkje vil ha noko å seie for omgjering av lån til stipend dersom du budde saman med foreldra dine samtidig som du tok denne utdanninga.
Instruks til Lånekassen – oppfølging av norske studenter i land berørt av krigen i Ukraina (PDF)
Les meir om lån og stipend til utdanning i utlandet
For alle andre land, gjeld dei vanlege reglane for lån og stipend framleis. Du finn meir informasjon om kva du kan få utbetalt når du studerer i utlandet på desse sidene:
Universitet og høgskole i utlandet
Universitet og høgskole i Norden
Utveksling – universitet og høgskole i utlandet
Utveksling – universitet og høgskole i Norden
