To lærestader?
Skal du studere ved to ulike lærestader, må du velje den eine skolen i søknaden, og sende inn dokumentasjon for den andre skolen etterpå.
Vil du hjelpe oss med å gjere lanekassen.no betre? Undersøkinga er anonym og tar 1-2 minutt. Svar på undersøkinga når du er ferdig med det du kom hit for å gjere.
Skal du studere ved to ulike lærestader, må du velje den eine skolen i søknaden, og sende inn dokumentasjon for den andre skolen etterpå.
I dei fleste tilfelle krevst det ikkje dokumentasjon for studium i Noreg. Må du likevel sende dokumentasjon, får du beskjed om det i søknaden. Etter at du har søkt, kan du sende dokumentasjonen til oss på Dine sider på lanekassen.no eller i posten.
Du får svar, eller beskjed om status for søknaden, innan 24 timar.
Søknaden er ikkje synleg på Dine sider med éin gong, men så lenge du har fått kvittering, har vi fått søknaden din. På Dine sider får du også informasjon om anslått behandlingstid for søknaden din.
No kan du søke om lån og stipend for 2025–2026.
Fristen for førre studieår, 2025–2026, går ut 15. mars 2026.