Kan eg få lån og stipend?
Dersom du er under 21 år, kan du ha rett til:
- utstyrsstipend
- ekstra stipend for deg som bur borte frå foreldra
- ekstra stipend for deg som har foreldre med låg inntekt
- ekstra stipend viss du har barn
- lån for deg over 18 år
Du kan få slike stipend og lån i inntil to år til førebuande opplæring når du er under 21 år. Frå det skoleåret som startar det kalenderåret du fyller 21 år, kan du få lån og stipend etter andre reglar. Det betyr at du kan få andre typar lån og stipend som blir gitt til studentar og andre vaksne i utdanning.
Kor mykje pengar kan eg få?
Du kan få 1427 kroner i utstyrsstipend.
Dersom du bort borte frå foreldra dine, har barn eller foreldra dine har låg inntekt, kan du få meir pengar i stipend. Får du trygd, kan det føre til at du får mindre stipend. Du kan søke om like mykje pengar som elevar under 21 år på vidaregåande skole.
Nokon kan få flyktningstipend
Dersom du har fått vern (asyl) i Noreg, kan du få flyktningstipend når du tek førebuande opplæring. Du får ikkje flyktningstipend dersom du bur på asylmottak eller får introduksjonsstønad.
