Førebuande opplæring for deg under 21 år

Gjeld deg som fyller 20 år eller mindre i løpet av det kalenderåret skoleåret startar.

Kan eg få lån og stipend?

Du kan søke om lån og stipend dersom du går førebuande opplæring.

Dersom du er under 21 år, kan du ha rett til: 

  • utstyrsstipend
  • ekstra stipend for deg som bur borte frå foreldra
  • ekstra stipend for deg som har foreldre med låg inntekt
  • ekstra stipend viss du har barn
  • lån for deg over 18 år

Hugs at lån er pengar som du må betale tilbake. 

Kor mykje pengar kan eg få?

Du kan få 1 359 kroner i utstyrsstipend.

Dersom du bort borte frå foreldra dine, har barn eller låg inntekt, kan du få meir pengar i stipend. Du kan søke om like mykje pengar som elevar under 21 år på vidaregåande skole. 

Nokon kan få flyktningstipend

Dersom du har fått vern (asyl) i Noreg, kan du få flyktningstipend når du tek førebuande opplæring. Du får ikkje flyktningstipend dersom du bur på asylmottak eller får introduksjonsstønad.

For deg frå 21 til 24 år

Fekk du utstyrsstipend, andre stipend eller lån etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring i skuleåret 2023-2024 (del 2 i forskrift om utdanningsstøtte)? Dersom ja, gjeld informasjon på denne sida også deg, sjølv om du er over 21 år. 

Gå til søknaden
Flyktning
Les meir om stipend til flyktningar

Aktuelt regelverk