Resultatet av valet blir no vist på sida.
Søknad om stipend og lån til yrkesutdanning i Norden
Dette søker du om
I søknaden søker du om basislån og eventuelt skolepengelån. Du kan velje å berre søke om den delen av lånet som kan bli gjort om til stipend, eller om du vil ha resten av basislånet i tillegg.
Søknaden gjeld også for andre stipend og lån som berre somme har krav på. Dette er barnestipend, tilleggslån og flyktningstipend.
Det er eigne søknader for foreldrestipend og for tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne.
Dokumentasjon
Når du søker om lån og stipend til utdanning i utlandet for første gong, må du sende inn:
- Endeleg opptaksbrev utan faglege vilkår frå lærestaden
- Stadfesting frå lærestaden som viser kor mykje du eventuelt skal betale i skolepengar
Behandlingstid
Saka blir behandla av ein saksbehandlar, så du må rekne med litt tid før du får svar.
Søknaden er ikkje synleg på Dine sider med éin gong, men så lenge du har fått kvittering, har vi fått søknaden din. På Dine sider får du og informasjon om anslått behandlingstid for søknaden din.
Søknadsfristen har gått ut
Søknadsfristen for studieåret 2024–2025 gjekk ut 15. mars 2025.
Søknaden for neste år, studieåret 2025–2026, opnar i midten av mai.
Nokre kan stadig søke for
2024–2025
Dersom utdanninga di begynte etter 1. mars 2025, kan du framleis søke om stipend og lån. Fristen er innan studieåret er ferdig.