Stipend og lån til vidaregåande utdanning i Norden
Dei fleste vidaregåande skolar i Norden er godkjente
Dersom landets eigen «Lånekasse» gir stipend eller lån, er skolen også godkjent for stipend og lån frå Lånekassen i Noreg. Utdanninga du tar må vare i minst fire månader og undervisninga må skje på skolen, altså ikkje via nettundervisning. Du må også ta utdanninga på fulltid for å få stipend og lån.
Det er ulike typar stipend og lån
Dei fleste får berre utstyrsstipend, men nokre får også reisestipend, bortebuarstipend og inntektsavhengig stipend. Skal du betale skolepengar, kan du også få stipend og lån til dette.
Stipend skal ikkje betalast tilbake
Stipend er ikkje det same som studielån, som studentar i høgare utdanning får. Stipend er pengar du får og ikkje må betale tilbake.
Unntaket er om du får utbetalt meir stipend enn du har rett til. Då må du betale tilbake det du har fått for mykje. Det kan for eksempel skje om du sluttar midt i skoleåret.
Søknadsfristar
Du må ha ein studieplass før du søker. Det er same fristar for alle typar stipend og lån:
- 15. november for heile året eller berre haustsemesteret
- 15. mars for vårsemesteret