Søknad om lån og stipend til gradsutdanning eller enkeltemne i Norden

Dette søker du om

I søknaden søker du om basislån og eventuelt skolepengelån. Du kan velje å berre søke om den delen av lånet som kan bli gjort om til stipend, eller om du vil ha resten av basislånet i tillegg.

Søknaden gjeld også for andre stipend og lån som berre somme har krav på. Dette er barnestipend, tilleggslån og flyktningstipend.

Det er eigne søknader for foreldrestipend og for tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne.

Dokumentasjon

Når du søker om lån og stipend til utdanning i utlandet for første gong, må du sende dokumentasjon til oss etter du har søkt. Du kan sende dokumentasjon på Dine sider på lanekassen.no. eller i posten.

Dette må du sende:

  • Endeleg opptaksbrev utan faglege vilkår frå lærestaden
  • Stadfesting frå lærestaden som viser kor mykje du eventuelt skal betale i skolepengar

Dersom du allereie er student i Norden og skal fortsette utdanninga, må du ha sendt skjema for fagleg progresjon for førre studieår.

Joint degree

Dersom du tar ein joint degree (samarbeidsgrad mellom fleire lærestader), betyr det at du vil vere student ved forskjellige lærestader i løpet av graden din. Du skal velje lærestaden du er student ved i det semesteret du søker for. Du skal berre sende ein søknad.

Søk om lån og stipend så fort du har studieplass

No kan du søke om lån og stipend for 2024–2025.

Siste frist for å søke er:

  • 15. november 2024 dersom du søker for hausten 2024
    15. mars 2024 dersom du søker for våren 2025