Vidaregåande opplæring og grunnskoleopplæring for vaksne/forberedande opplæring for vaksne som du har fått basislån til å ta, blir rekna med i dei 480 studiepoenga eller tilsvarande. Sjå lenger ned kva «tilsvarande» kan bety. Vidaregåande opplæring som du ikkje har fått basislån for, blir ikkje rekna med i dei 480 studiepoenga eller tilsvarande. Det betyr at når du får utstyrsstipend eller inntektsavhengig stipend eller borteboerstipend, eller inntektsavhengig stipend eller borteboerstipend gitt som flyktningstipend, tel dette ikkje med i dei 480 studiepoenga eller tilsvarande.
Lån og stipend til å ta til saman 480 studiepoeng
Du kan få lån og stipend til å ta 480 studiepoeng eller tilsvarande. Det er det same som åtte år med fulltidsstudium. Studerer du på deltid, kan du få lån og stipend til å ta utdanning i meir enn åtte år. Dersom du har fått utdanningsstøtte frå andre lands offentlege støtteordningar, blir dette rekna med i dei 480 studiepoenga eller tilsvarande du kan få lån og stipend til å ta.
Grenser for lån og stipend
Du kan få utdanningsstøtte i inntil fire år til forberedande opplæring for vaksne, også tidlegare kalla grunnskoleopplæring for vaksne. Dersom du har fått lån og stipend til forberedande opplæring for vaksne for skuleår som starta det året du fylte 16 – 20 år, tel desse åra med i dei fire åra.
Du kan få utdanningsstøtte til to år på folkehøgskule. Det betyr at om du studerer på deltid, får du likevel berre lån og stipend i inntil fire år med grunnskoleopplæring, og to år med folkehøgskule.
Dersom du tar ph.d.-utdanning i utlandet etter at du har brukt opp ramma på 480 poeng eller tilsvarande, kan du få utvida ramma med inntil fire år til ph.d.-utdanninga. Grensene som blir utvida med to eller fire år, gjeld uavhengig av om du tar utdanning på heiltid eller deltid.
Unntak frå grensa om 480 studiepoeng
Om du er forseinka i utdanninga fordi du blei sjuk, fekk barn, eller fordi du har nedsett funksjonsevne, kan du få utvida grensa. Det betyr at du likevel kan få lån og stipend for ein lengre periode enn det som tilsvarar 480 studiepoeng. Grensene på to og fire år til folkehøgskule og forberedande opplæring for vaksne, kan ikkje utvidast.
Om du er forseinka fordi du strauk på eksamen, kan du ikkje få utvida grensa. Du kan heller ikkje få utvida grensa om du har fleire år igjen av utdanninga di, men har brukt opp talet på studiepoeng du kan få lån og stipend til. Grensene blir heller ikkje utvida sjølv om du har nedbetalt lånet ditt.
Omrekning av årstimar og undervisningstimar – tilsvarande studiepoeng
- Før 2025-2026: Eitt år i vidaregåande opplæring på studiespesialisering på heiltid var 840 årstimar. Det tilsvarar 60 studiepoeng.
- Frå 2025-2026: Eitt år i vidaregåande opplæring på studiespesialisering på heiltid er 784 årstimar. Det tilsvarar 60 studiepoeng.
- Før 2025-2026: Eitt år i vidaregåande opplæring på yrkesfag på heiltid var 980 årstimar. Det tilsvarar 60 studiepoeng.
- Frå 2025-2026: Eitt år i vidaregåande opplæring på yrkesfag på heiltid er 924
- årstimar. Det tilsvarar 60 studiepoeng.
- Eit språkkurs med ei varigheit på tre månader tilsvarar 18 studiepoeng.
- Ei yrkessjåførutdanning tatt på heiltid på seks veker tilsvarar ni studiepoeng.
Eitt år med folkehøgskule vil også bli rekna til 60 studiepoeng. - Eitt år med forberedande opplæring for vaksne tilsvarar 60 studiepoeng. Før 2024-2025 var grunnskoleopplæring for vaksne utdanning på heiltid med minst 20 undervisningstimar per veke, heiltidsutdanning som tilsvarte 60 studiepoeng.
Sjå også forskrift om utdanningsstøtte § 70 og merknader til denne på våre nettsider.