Slik jobbar vi i IT

Vi har mykje spennande framfor oss den nærmaste tida: Vi skal skru opp farten på teknisk modernisering av applikasjonslandskapet, samtidig som vi skal utvikle nye tenester og nye måtar å effektivisere kunde- og saksbehandlinga på.

Vi deler, lærer og løyser saman

Vi tar no sats og forsterkar laget, og håper du, som oss, ser kva for moglegheiter dette byr på!  

Moderne teknologi

Vi byr på moglegheita til å prøve ut den nyaste teknologien på marknaden, samtidig som vi er stolte av å modernisere smart for det langsiktige løp. Alt er utvikla på Microsoft-teknologi, med velkjente rammeverk og språk som .NET, C#, React, TypeScript, SQL, Entity Framework og PowerShell. Vi bruker i tillegg containere og Kubernetes. Vi har ambisjonar om å bli enda meir datadrivne.   

Fokusteam

Vi jobbar i fokusteam, der vi utviklar med utgangspunkt i våre faste fokusområde. Vi opplever at dette gir oss ein effektiv læringsarena i teama og eigarskap til løysningane som skal forvaltast og utviklast. Vi jobbar tett med produkteigarar, brukaroppleving og ulike fagmiljø. Kvart team har ein egen teamleder, løysningsansvarleg, teknisk ansvarleg, utviklarar og testarar, som jobbar effektivt saman for å gjere utdanning mogleg og IT-løysningane robuste og brukarvennlege. Når det trengs gjer vi tilpassingar på team og roller, vi samkøyrer på tvers og vi fokuserer på å få til. Vi føretrekker å ha merksamda på det vi vil oppnå og korleis vi vil ha det, meir enn kva vi ikkje vil, eller ikkeje får til.  

Utvikling i eit breitt fagmiljø

Vi er små, men store nok til at du får utfolde, lære og utvikle deg innanfor eit bredt fagmiljø. Vi er ikkje større enn at kvar enkelt IT-medarbeidar utgjer eit vesentleg bidrag, og hos oss kan vegen vere kort frå idé til å teste ut løysningar.  

Vi jobbar frå heile landet

Vi har også ein bredde i kvar vi jobbar frå: i IT-avdelinga har du trondheimskollegaer, oslokollegaer og heimekollegaer.  

Vi deler og lærer

Vi er så heldige at vi har eit arbeidsmiljø kor delingskultur ikkje berre er eit festord, men noko både IT-leiarane og medarbeidarane set aller høgast. Til saman dekker vår kompetanse heile IT-feltet, og våre tilsette seier sjølv at dei er ein del av eit unikt læringsmiljø, og at dei lærer noko nytt kvar einaste dag! Vi jublar når vi finn dei gode løysningane, og vi er saman om å løyse utfordringane.