Kven er vi i IT

Vi er mellom anna utviklarar, DevOpsarar, teamleiarar, brukarstøtte, arkitektar, sikkerheitsfolk, app.forvaltarar og testarar. Vi er like like og ulike som folk flest. Her kan du bli kjent med nokon av oss.

Svein Morten, seniorutviklar

– Etter å ha vore utleidd konsulent i nokre år ville eg jobbe internt for ei verksemd med eit stort fagmiljø. Lånekassen har store IT-system og spennande faglege utfordringar, er framoverlent på teknologi, og er opptatt av å fornye seg. Å jobbe med ny teknologi er sjølvsagt kult, men vi gjer ikkje modernisering berre for teknologien sin del. Lånekassen har ei stor systemportefølje med system i alle livets fasar. Dei kommande åra skal vi bygge nye system, og modernisere og vedlikehalde eksisterande system. I sum ei samansett, interessant og utfordrande oppgåve.  

Eg synst det er spesielt spennande at Lånekassen behandlar dei aller fleste søknadane maskinelt, til tross for ein enormt stor kundemasse og eit relativt komplekst regelverk. Verksemda er ikkje veldig stor, og det gjer at vi har moglegheita til å kaste oss rundt utan alt for mykje byråkrati – vi er litt lettbeinte. 

I utviklingsteamet vårt køyrer vi målingar etter kvar sprint, og på work/life-balansen ligg vi på grønt. Vi har eit høgt tempo, og det er mykje som skjer, men kulturen er sånn at det er forståing for at folk loggar av og har eit liv utanfor jobben. 

 

Mette-Karine, teamleiar

– Eg kjem frå det private, og var nysgjerrig på IT i det offentlege. Det var ekstra morosamt å få jobb hos Lånekassen, som eg kjente godt til frå før som student.  

Som teamleiar er det min jobb å få folk til å jobbe godt saman, og å få fart på ting. Det er motiverande å vite at det mitt team og dei andre teama leverer, påverkar kvardagen til så mange, både kundar, men også saksbehandlarar. Eg blei positivt overraska over kor «flatt» det er her – det er kort veg til IT-direktøren, og det eit stort rom for å engasjere seg og ta meir ansvar, om ein vil det. I Lånekassen kjem du veldig tett på både avgjersle og utforming. I andre verksemder kan ein drukne litt på vegen, så det er ein stor fordel at vi er så små, men likevel store nok til at vi har eit breitt fagmiljø. Her er det mykje deling, og både teamleiarar og utviklarar er med i samhandlinga. I tillegg er Lånekassen ein arbeidsplass som både har forståing, og legg til rette, for at folk har eit liv utanfor jobben.  

 

Jørgen, dataforskar

– Eg jobbar med KI og er med på å utvikle maskinlæringsmodellar. Eg får jobbe med moderne verktøy for å løyse kule problem, for eksempel å bruke maskinlæring til å prognostisere innkomsten av dei ulike sakstypane, og å sikre at vi alltid hentar og jobbar med sensitive data på ein sikker måte. Det er så mange moglegheiter for bruk av KI i Lånekassen, og eg er spent på kva vi kan få til over dei neste åra. Folka eg jobbar med gjer også jobben spennande, dei er alltid opne og entusiastiske for å prøve nye ting.