IT-avdelinga tar heimekontor på alvor!

Alle i Lånekassen kan ha heimekontor to dagar i veka, men i IT-avdelinga har vi oppretta ein eigen seksjon for tilsette som bur for langt unna kontora våre i Oslo og Trondheim til å ha kontorstad der. Vi kallar dei «heimekollegaer», og dei jobbar på permanent heimekontor.

Heimekollegaene i Lånekassen

Ein heimekollega er, som namnet seier, ein kollega som jobbar heimanfrå. Som heimekollega får du fjernarbeidsavtale med kontraktsfesta rett til å jobbe på permanent heimekontor. Felles for alle med denne avtalen, er at dei har arbeidsoppgåver som eignar seg like godt frå heimekontor, som frå kontor.

Vi er opptatte av at alle våre kollegaer skal kunne bli kjend med kvarandre og bygge nettverk både i og utanfor eiga avdeling. Derfor dekker vi arbeidsreiser til kontora våre etter gjeldande reglar, og ønsker at våre heimekollegaer besøker kontorene våre 1-2 gonger i kvartalet.

Det aller viktigaste er likevel at du har gode arbeidsforhold heime. Vi ber om at du har ein dedikert og uforstyrra arbeidsplass i heimen, helst eit eige rom, som kan bli innreidd som heimekontor. Til gjengjeld leverer vi både kontormøblar og teknisk utstyr (skjerm, PC, tilbehøyr), og vi dekker mobil og breiband.

Ein samansveisa gjeng

Heimekollegaene jobbar i ulike team, både innanfor utvikling, applikasjonsforvaltning og IT tryggleik. Samtidig er dei organiserte i ein eigen seksjon, og blir følgt opp av same personalleiar. Dermed har ein to arenaer for fagleg samspel: Teama, som er samansette av kollegaer frå både kontor og heimekontor – og seksjonen, der fellesnemnaren er arbeidssituasjonen med permanent heimekontor. Vi har eige verneombod for heimekollegaene som passar på at vi har gode rutinar for HMS også på heimekontora, vi har ein sosial fredagskaffi på Teams, og seksjonssamlingar der gjengen treffast for både fagleg og sosial mingling.

Like moglegheiter uansett kvar du bur

Våre heimekollegaer har dei same moglegheitene til fagleg utvikling og deltaking på sosiale samlingar som våre kontorkollegaer. Alle har tilgang til kursportalar, vi dekker reise og opphald til relevante kurs/konferansar, og vi dekker reise og opphald til julebord og andre større hendingar i Lånekassen og i IT-avdelinga. Heimekollegaer får sjølvsagt også trene i arbeidstida (1 time per veke), og har same fleksitids- og sommartidsordning som andre tilsette.

Vi har vore ei delt avdeling lenge, og har god rutine på å samhandle digitalt. Hos oss er vi meir opptatt av kva vi får til saman enn kvar vi sit!