Christoffer, tester i IT-avdelinga
– Det er spennande å vere med på IT-utviklinga. Som testar finn eg ulike feil eller manglar på eit tidleg tidspunkt. Sånn sett får eg også eigarskap til tenestene vi utviklar, samtidig som eg lærer ekstremt mykje under prosessen.
Eg er særleg stolt over å ha bidratt i dei større IT-prosjekta eg har vore ein del av. Samtidig er eg også stolt av jobben eg gjorde medan eg jobba som kundebehandlar på kundesenteret. Spesielt dei gongene der mi rettleiing hjelpte kundane ut av ein litt vanskeleg situasjon. Dette gav ofte ei godkjensle ein kan vere stolt av!
Det er utruleg viktig for meg for å trivst i jobben, og det er fleire kollegaer som har enda opp med å bli gode venner.
