Siste frist for å søke straumstipend

Publisert: 13.01.2023
15. januar er siste frist for å søke om straumstipend frå Lånekassen. Stipendet er ei eingongsutbetaling på 1 500 kroner.

228 000 studentar og elevar fekk i desember e-post om at dei kunne få eit straumstipend frå Lånekassen på 1 500 kroner dersom dei betaler for straum i tillegg til husleiga.

116 000 studentar har så langt søkt om og fått straumstipend, og Lånekassen har til saman utbetalt 174 millionar kroner. Fristen for å søke er søndag 15. januar.

– Omtrent halvparten av alle som har fått tilbod om å søke om straumstipendet, har gjort det. Dette kan kanskje verke lite, men mange har straum inkludert i husleiga og har dermed ikkje rett på dette stipendet. Også i fjor vår kunne studentar og elevar søke om straumstipend frå Lånekassen, og også då søkte omtrent halvparten av dei som fekk tilbodet, seier kommunikasjonsdirektør i Lånekassen, Anette Bjerke.

Straumstipendet er for studentar og elevar over 18 år som har betalt straum i haustsemesteret 2022 og som får lån og stipend frå Lånekassen i same periode.

– Du kan få stipendet uansett kor mykje du betaler i straum, og det er heller ikkje nødvendig at straumrekninga står i ditt namn, så lenge du er med på å betale rekninga, seier Bjerke.

Les meir om straumstipendet på Lånekassens nettsider her.