Fastrentene som gjeld frå 1. januar 2021 er
- 3 år: 1,480 % (ned med 0,039 prosentpoeng)
- 5 år: 1,638 % (ned med 0,019 prosentpoeng)
- 10 år: 1,933 % (ned med 0,019 prosentpoeng)
– Det er ein nedgang for alle fastrentene, og dei lågaste fastrentene vi nokon gong har hatt. I tillegg held dagens flytande rente seg på rekordlåge 1,391 prosent gjennom januar og februar, fortel Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.
Rentesatsen for den lengste bindingstida på 10 år kom under 2 prosent for første gong nokosinne frå 1. september i år. Den er ytterlegare litt ned frå nyttår. 260 kundar valde å binde renta på 10 år ved førre moglegheit. Samla sett har 11 300 kundar vald å binde renta hittil i 2020.
Dei som ønsker å binde renta frå 1. januar 2021, gjer det i perioden 10.–17. desember på Dine sider på lanekassen.no.
Over 9 av 10 som betaler ned studielånet sitt har flytande rente. 687 200 kundar har flytande rente, medan 44 500 kundar har vald å binde renta.
Grafen viser utviklinga av rentesatsar for Lånekassen frå 1999 til 2021. Informasjon om renteutviklingen ligger også på data.lanekassen.no
Fakta om studielånsrentene
- Rentene i Lånekassen er marknadsstyrte, og er fastsette på grunnlag av gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånstilboda i marknaden (basisrenta). Frå basisrenta blir det trekt 0,15 prosentpoeng, som gir Lånekassens renter.
- Både flytande og fast rente blir fastsett annankvar månad.
- 687 200 av tilbakebetalarar i Lånekassen har flytande rente på studielånet sitt, medan 44 500 har fast rente.
- Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett og følg renteutviklinga her.