Regjeringa vil gi lån og stipend som straumstøtte til studentane

Publisert: 08.12.2021
Regjeringa ønsker å gi studentar moglegheit til å søke om 3000 kroner ekstra i lån og stipend grunna høge straumutgifter. Lånekassen skal etter planen ha tilbodet på plass i januar 2022.

Regjeringa foreslår å tilby eit søknadsbasert tilleggslån på 3000 kroner til straumutgifter for studentar på universitet, høgskolar, fagskolar og vaksne elevar i vidaregåande opplæring. 1 200 kroner av tilleggslånet kan bli gjorde om til stipend. Stortinget skal behandle forslaget. 

- Studentar, spesielt i Sør-Noreg, har fått merke dei høge straumprisane i haust og vinter. Dette er eit målretta tiltak for dei som har fått høgare utgifter til oppvarming av bustad. Tilleggslånet med stipend skal vere tilgjengeleg gjennom Lånekassen i løpet av januar og pengane skal utbetalast raskt, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

Lanekassen.no blir oppdatert så snart vi har meir informasjon om forslaget. Kundesenteret vårt har ikkje meir informasjon om dette tilleggslånet.