Flytande rente stig med 0,343 prosentpoeng frå 1. november. Dagens flytande rente er på 1,972 prosent.
702 400 av Lånekassens tilbakebetalarar har per i dag flytande rente, mens 23 900 har fast rente på studielånet.
Fastrentene som gjeld frå 1. november blir offentleggjorde rundt 10. oktober.
Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett og følg renteutviklinga her.