Flytande rente i Lånekassen stig

Publisert: 03.03.2022
Den flytande renta på studielånet som gjeld frå 1. mai, vil vere på 1,667 prosent.

Flytande rente stig med 0,177 prosentpoeng frå 1. mai. Dagens flytande rente er 1,490 prosent.

719 200 av Lånekassens tilbakebetalarar har flytande rente, medan 29 400 har fast rente på studielånet.

Fastrentene som gjeld frå 1. mai blir tilgjengeleg rundt 10. april.

Les meir om korleis renta i Lånekassen vert fastsett og følg renteutviklinga her