Flyktningstipend er eit stipend for flyktningar som tek grunnskule eller vidaregåande opplæring i Norge. Stipendet inneber at lån du elles kunne fått frå Lånekassen, vert gjeve som stipend i staden.
Talet på støttemottakarar har auka jamt og trutt dei siste åra, frå 3 700 i undervisingsåret 2014–2015 til 12 400 i undervisingsåret 2019–2020.
– Lånekassen sitt samfunnsoppdrag er å gjere utdanning mogleg. Å gjere det mogleg for flyktningar å ta grunnskule eller vidaregåande utdanning, og dermed legge til rette for deltaking i arbeids- og samfunnsliv, er ein viktig del av dette, seier konstituert administrerande direktør i Lånekassen, Lars Petter Flåtten.
Avgjerande verdi
Utdanning og kvalifisering er ein nøkkel til integrering, og utgjer eitt av fire innsatsområder i integreringsstrategien til regjeringa.
I ei tid der stadig fleire ufaglærde jobbar forsvinn og krav til kompetanse aukar, går utdanning og arbeid hand i hand. 7 av 10 nyankomne flyktningar som avslutta introduksjonsprogrammet i 2018 var mellom 18 og 35 år. Dei har eit langt arbeidsliv foran seg.
– Fleire flyktningar har liten eller ingen utdanning. Dei har behov for kompetanse som norsk arbeidsliv spør etter. Lånekassen sitt flyktningstipend gjer det mogleg for fleire å ta grunnskule og vidaregåande skule i Norge. Dette vernar mot seinare utstøting frå arbeidslivet, seier Libe Rieber-Mohn, direktør for Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi)
Fakta om flyktningstipend
- Flyktningstipend er eit stipend for flyktningar som tek grunnskule eller vidaregåande opplæring i Norge.
- Stipendet inneber at lån du elles kunne fått frå Lånekassen, vert gjeve som stipend i staden.
- Du kan få flyktningstipend i inntil tre år innanfor ein periode på seks år etter datoen du fekk innvilga vern. Antal år du kan få stipendet kjem an på kor raskt du byrja i utdanning etter at du fekk vern.
- Du kan ikkje få flyktningstipend samstundes som du får introduksjonsstønad.
- Lånekassen tilbyr no informasjon om flyktningstipend på språka arabisk, somali, tigrinja og farsi.
- Les meir om flyktningstipend på Lånekassen sine nettsider.