Gjennomsnittsgjelda for studentar som avslutta høgare utdanning i 2023, var 427 000 kroner, viser tal frå Lånekassen. Gjennomsnittsgjelda har auka dei siste ti åra, men gjekk ned med rundt 5 000 kroner frå 2022 til 2023. I 2013 var gjennomsnittsgjelda for ein student etter avslutta høgare utdanning 354 000 kroner. Beløpa er justerte etter 2023-kroner.
– Det har vore ei gradvis utviding frå ti til elleve månader med studiestøtte, og det har komme fleire nye låneordningar i Lånekassen dei seinare åra, som tilleggslån til studentar over 30 år og ekstraordinære lån i samband med koronapandemien. Dette bidrar til at gjennomsnittsgjelda aukar, seier Kjetil Moen, direktør i Lånekassen.
Færre med gjeld under 400 000 kroner
106 000 Lånekassen-kundar avslutta utdanning og blei tilbakebetalarar i 2023. Dette omfattar alle studentar som avslutta utdanning, uavhengig av utdanningsnivå. Av desse hadde 61 prosent gjeld under 400 000 kroner då dei avslutta utdanninga si. Denne andelen har minka jamt dei siste ti åra – i 2013 var den 74 prosent.
Samtidig aukar andelen som har høg gjeld. I 2013 hadde 7 prosent av dei som var ferdig med utdanning over 600 000 kroner i studiegjeld, i 2023 var andelen 13 prosent.
1 500 med gjeld over 1 million kroner
Det har dei siste ti åra også vore en vekst i antal studentar som avsluttar utdanninga si med over 1 million kroner i gjeld.
– Dette følger vi med på. Vi ser at fleire endar opp med over 1 million kroner i studiegjeld, men veksten har minka noko dei siste åra, og går dessutan noko ned frå 2022 til 2023, forklarer Moen.
I 2023 hadde i underkant av 1 500 studentar over 1 million kroner i gjeld då dei gjekk frå å vere student til å begynne å betale tilbake på lånet, mot 1 600 studentar året før. For ti år sidan hadde 350 studentar over 1 million i studiegjeld etter avslutta utdanning.
Høgare gjeld etter utanlandsutdanning
Utanlandsstudentar ender i gjennomsnitt med høgare gjeld enn dei som studerer i Noreg. Hovudgrunnen er at mange utanlandsstudentar betaler skolepengar.
Medan gjennomsnittsgjelda ved avslutta høgare utdanning i Noreg i 2023 var 409 000 kroner, hadde utanlandsstudentar etter fullført utdanning 703 000 kroner i snitt.
Dei fleste som har over 1 million kroner i studielån, har også studert i utlandet.
Lavt misleghald av studiegjeld
Til tross for at det er fleire som avsluttar utdanninga med høgare gjeld, har misleghald av studielån gått ned dei siste ti åra. Hovudtendensen har vore at færre rekningar ender i purring, og antal og andel studielån som blir sagt opp og overført til Statens innkrevingssentral (SI) for oppfølging, har minka dei siste ti åra. Både purringar og oppsagde lån har likevel auka noko de siste to åra.
Av 7,9 millionar rekningar som ble sendt ut i 2023, resulterte 3,2 prosent av dei i purring. 2,8 prosent av alle studielån var under oppfølging av SI ved utgangen av 2023, som var ein auke for første gong på ti år.
Har ordningar for dei som ikkje kan betale
Lånekassen oppfordrar kundane til å halde seg oppdaterte om eiga gjeld, både under og etter utdanninga.
– Det er viktig å ha eit aktivt forhold til eiga gjeld, særleg no som den økonomiske situasjonen er krevjande for mange. Dei aller fleste klarer å betale studielånet sitt kvar månad, men for kundar som slit, har vi ordningar som kan hjelpe. For eksempel kan ein enkelt søke om å utsette rekninga i til saman inntil 36 månader – dette er noko alle som betaler ned studielånet sitt har moglegheit til å gjere. I tillegg kan nokre ha rett på sletting av renter, eller det kan vere at ein fyller vilkåra for å få sletta sjølve gjelda, seier Moen.