Fastrentene på studielån går opp

Publisert: 10.06.2026
Fastrentene for tre, fem og ti års bindingstid går opp frå 1. juli. I perioden 10. til 17. juni kan kundar i Lånekassen søke om fastrente.

Rentesatsane som gjeld frå 1. juli, er:

  • 3 års bindingstid: 5,261 prosent (opp 0,353 prosentpoeng)
  • 5 års bindingstid: 5,195 prosent (opp 0,306 prosentpoeng)
  • 10 års bindingstid: 5,070 prosent (opp 0,191 prosentpoeng)

Til samanlikning vil Lånekassens flytande rente vere på 4,602 prosent frå 1. juli.

Søk på lanekassen.no

Alle med studielån får automatisk flytande rente når dei startar å betale på lånet. Dei som ønsker det, kan søke om å binde renta i tre, fem eller ti år.

Kundar som ønsker å søke om fastrente på studielånet, gjer det på lanekassen.no.

Basert på utviklinga i bustadlånsrentene

Rentene i Lånekassen er baserte på gjennomsnittet av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden. Frå dette snittet blir det trekt 0,15 prosentpoeng.

Det er Finanstilsynet som følger utviklinga i bustadlånsrentene, og som fastset rentesatsane i Lånekassen.

For dei faste rentene er observasjonsperioden éin månad, med éin månads opphald før renta trer i kraft. For flytande rente er observasjonsperioden to månader, med to månaders opphald før renta trer i kraft.

Flytande rente mest vanleg

Dei aller fleste har flytande rente på studielånet. 795 100 kundar har flytande rente, medan 10 300 har bunde renta.

Les meir:

Slik blir rentene i Lånekassen fastsette
Renteutviklinga i Lånekassen

Hand som held mobil. Foto.