Fastrentene fortset å auke

Publisert 10.06.2024
Frå 1. juli aukar fastrentene på studielånet ytterlegare. 

Lånekassens fastrenter som gjeld frå 1. juli, vil vere:

  • 3 års bindingstid: 4,784 prosent (opp med 0,106 prosentpoeng)
  • 5 års bindingstid: 4,630 prosent (opp med 0,105 prosentpoeng)
  • 10 års bindingstid: 4,525 prosent (opp med 0,067 prosentpoeng)

Flytande rente som gjeld frå 1. juli er 5,214 prosent.

Seks moglegheiter i året til å søke om fastrente

Alle som begynner å betale på studielånet, får automatisk flytande rente. Det er mogleg å søke om fastrente seks gonger i året.

I underkant av 800 000 kundar betaler ned på studielånet i dag. 768 000 har flytande rente, medan 15 000 har valt fastrente.

Basert på bustadlånsrentene

Rentene blir fastsette ut frå gjennomsnittet av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden. Frå dette snittet blir det trekt 0,15 prosentpoeng, som gir Lånekassens renter.

Det er Finanstilsynet som observerer utviklinga av bustadlånsrentene, og som fastset Lånekassens rentesatsar.

Kundar som ønsker å binde renta frå 1. juli, kan gjere dette i perioden 10.–17. juni. Ein søker om fastrente på lanekassen.no.

Følg med på renteutviklinga.

 

Kvinne og mann ser saman på ein mobil på jobb. Foto.