– Vi veit ikkje kvifor mange ikkje søker om utstyrsstipend, som alle med ungdomsrett på vidaregåande har rett på. Eg oppfordrar alle til å søke, seier Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.
Elevar søker om stipend via Dine sider på lanekassen.no.
180 000 elevar kan søke
Kvart år lét mellom 12 000 og 15 000 elevar vera å søke om utstyrsstipend. I fjor droppa 15 000 av 181 300 elevar å søke. I tillegg var det 7 600 som søkte, men som ikkje signerte for og dermed heller ikkje fekk utbetalt pengane. Dette gir ein del på 87,5 prosent som søker og får pengane utbetalt.
Lånekassen delte ut 312 millionar kroner i utstyrsstipend i fjor. Hadde alle med rett søkt og signert for pengane sine, ville beløpet vore 40 millionar høgare, berekna ut frå gjennomsnittsbeløpet til dei som har fått stipend.
Fire ulike beløp – avhengig av utdanningsprogram
Utstyrsstipendet skal bidra til å dekke det elevane treng av utstyr på linja de tar. Det er fire ulike satsar, avhengig av utdanningsprogram. I år er lågaste sats 1 096 kroner, medan høgaste sats er 4 513 kroner. Beløpet blir utbetalt éin gang i skoleåret.
Sjekk kva for sats elevane har rett på, ut frå kva for linje dei skal gå: Stipend til elevar i vidaregåande skole
Kan også få andre stipend
Elevar som skal bu borte for å gå på skole, eller som har foreldre med låg inntekt, kan også ha rett på andre typar stipend. Sjå lanekassen.no for fullstendig oversikt over kva elevar kan ha rett på.
Fristen for å søke stipend og lån frå Lånekassen er 15. november for hausten og 15. mars for våren.
Les meir:
Kva vil det seie å ha ungdomsrett?
Dette kan elevar på vidaregåande skole få frå Lånekassen