Tre ting du må vite om stipend og lån for 2026-2027

Se når du kan søke, hva du må gjøre for å få pengene utbetalt, og hvor mye du kan få.

Når kan du søke?

Søk gjerne så fort du har fått studieplass. Da kan du få pengane på konto rundt studiestart. Du må søke på nytt kvart år.

Vi behandlar dei aller fleste søknadene blir i løpet av eit døgn. Meir kompliserte saker kan det ta lang tid å behandle. Når du får svar, må du logge inn med BankID for å sjå resultatet av søknaden din.

Les om kva for søknader som får lenger behandlingstid 

Siste frist for å søke er:  

  • 15. november 2026 dersom du søker om stipend og lån for heile året eller berre haustsemesteret 2026
  • 15. mars 2027 dersom du søker om stipend og lån for vårsemesteret 2027

Kva kan du få støtte til? 

Utdanning ved alle universitet og godkjente høgskolar gir rett til støtte frå Lånekassen til å ta 480 studiepoeng. Det er det same som åtte år med fulltidsutdanning. 

Les meir om å ta heile utdanninga di i Noreg

Les meir om å ta heile utdanninga di i Norden

Les meir om utveksling i utlandet

Gå til søknaden
Basislån
15 488
i månaden

Hva må du gjere for å få pengane på konto?

Du må oppfylle vilkår for å få pengane på konto.

Er du student på offentleg universitet og høgskole må du: 

  • betale semesteravgift til lærestaden 
  • melde deg opp til fag og undervisning på lærestaden 

For å få pengar, må du:  

  • signere avtale om lån og stipend med BankID
  • oppgi eit gyldig kontonummer på Dine sider/Din profil 

Studerer du på privat høgskole må du signere kontrakt med lærestaden.  

Du får beskjed frå oss når søknaden din om lån og stipend er ferdig behandla. Dei fleste får stipend og lån utbetalt den 15. i kvar månad dersom alt er i orden. 

Inntektsgrensa er
234 821
for 2026

Alle studentar kan få basislån

Basislån kan alle studenter få, og dette er navnet på det de fleste kaller studielån.

Basislånet er eit lån, ikkje eit stipend. Inntil 40 prosent av dette lånet kan bli gjort om til stipend. For å få stipend må du oppfylle tre krav: 

  • Du må bo for deg sjølv.  
  • Du må bestå utdanninga di. 
  • Du må ha inntekt og formue under grensene våre.

Du får ta opp lån uansett kor mykje du tener, men kor mykje du tener vil påverke kor stor del av lånet som blir gjort om til stipend.

Dersom du berre mottek lån og stipend i haustsemesteret kan du tene meir enn om du får lån og stipend i heile 2025. 

Her kan du lese meir om grensene for inntekt og formue.