Studere igjen

Dersom du har lån i Lånekassen frå tidlegare og skal begynne å studere igjen, blir lånet sett rente- og avdragsfritt om du får lån og stipend til fulltidsutdanning.

Inntektsgrenser for omgjering av lån til stipend

Får du lån til utdanning frå oss, må du ha inntekt og formue under fastsette grenser for å få gjort om delar av lånet til stipend etter du har bestått utdanninga di. Er du gift eller har sambuar med felles barn, er det den felles formuen dykkar vi vurderer.

Dei same grensene gjeld dersom du studerer på deltid, men då blir reduksjonen i stipend mindre om du tener over grensa.

Kva skjer med studielånet når du begynner på ei ny utdanning?

Det er berre dersom du får lån og stipend frå Lånekassen til fulltidsutdanning at studielånet ditt blir rente- og avdragsfritt.

Det vil seie at du framleis må betale på lånet om du studerer på deltid, altså dersom du skal ta mindre enn 30 studiepoeng eller tilsvarande per semester. Du må også framleis betale dersom du studerer utan stipend eller lån frå oss.

Du kan få lån og stipend til 480 studiepoeng til saman

Regelen gjeld sjølv om du har betalt ned tidlegare lån, men vi reknar ikkje med stipend til vanleg vidaregående skole. Du kan altså få lån og stipend til å ta 480 studiepoeng i tillegg til dei åra du tok vanleg vidaregåande. 480 studiepoeng er det same som åtte år med fulltidsutdanning.

Reglene for kor mykje utdanning du kan få lån og stipend til er endra frå og med studieåret 2021–2022, frå at Lånekassen tel år med støtte, til ein "kvote" på 480 studiepoeng. Regelendringa har ikkje tilbakeverkande kraft. Det betyr at dersom du har fått lån og stipend til deltidsutdanning tidlegare, vil dei periodane teljast på same måte som før, altså som år med støtte . Har du for eksempel før studieåret 2021–2022 fått lån og stipend i tre år til 50 prosent deltidsutdanning, har du brukt opp tre heile år med rett til lån og stipend.

Dersom du er seinka i utdanninga fordi du blei sjuk, fekk barn, eller fordi du har ei funksjonshemming, kan du likevel få støtte til meir enn 480 studiepoeng.

Studerer du på deltid eller utan lån og stipend, kan du få sletta renter

Dersom du studerer utan lån og stipend frå Lånekassen, eller du får lån og stipend til deltidsutdanning, er ikkje lånet du har frå før, rentefritt medan du studerer. Du kan likevel ha rett til å få sletta renter på lånet for perioden du studerer. Studerer du på deltid er det i tillegg krav om at du har inntekt under grensa for sletting av renter.
Studerer du på fulltid utan lån og stipend frå oss, er det ikkje noko inntektsgrense.
Det er eit vilkår at du må ha rett til lån og stipend frå Lånekassen, for å ha rett til å få sletta renter på grunn av utdanning. Å ha rett til lån og stipend betyr at du ville fått lån og stipend dersom du hadde søkt om det.

 

Les meir om sletting av renter

Er du over 30 år?

Du kan søke om inntil
115 880
i tilleggslån per år

Du kan låne inntil 115 880 kroner ekstra i året dersom du studerer på fulltid, som er 60 studiepoeng per år. Tar du færre studiepoeng, får du tilbod om å låne eit mindre beløp. Du kan låne 231 760 kroner til saman, og du kan velje kor mange år du vil fordele lånet over. Du søker om lånet i den same søknaden som vanleg lån og stipend.

Lånet kan ikkje kombinerast med tilleggslån for dei som har barn.

Les meir om tilleggslån

Har du barn?

Du kan få ekstra
stipend og lån
om du har eller får barn

Får du barn under studia, eller innan sju månader etter du har fullført ein grad, kan du få foreldrestipend.

Foreldrestipend ved fødsel eller adopsjon

Dersom du får barn medan du studerer, kan du få gjort om basislån og skolepengelån til stipend i inntil 49 veker.

Barnestipend

Dersom du har barn under 16 år, kan du få ekstra stipend. Har du fleire barn, får du meir stipend. Barnestipendet blir behovsprøvd. Det betyr at beløpet blir mindre om familien har inntekt eller formue over grensene i forskrifta. Dersom du studerer på deltid, får du også eit lågare beløp.

Tilleggslån

Du kan også låne 57 940 kroner ekstra i året når du har barn under 16 år, avgrensa til 115 880 kroner til saman. Inntekt og formue har ikkje noko å seie for om du kan få tilleggslån. Dersom du studerer på deltid, får du tilbod om å låne eit mindre beløp.

Les meir om barn og fødsel

Har du fast rente og skal begynne på en ny utdanning?

Dersom du har ein avtale om fast rente og får lån og stipend frå oss, blir fastrenteavtalen automatisk avbroten. Då bereknar vi rentetap eller rentegevinst, altså om Lånekassen tener eller tapar renteinntekter på at avtalen blir avbroten. Vi legg til eller trekk beløpet frå gjelda di.

Aktuelt regelverk