Gebyr i Lånekassen
Lånekassen har følgande gebyr:
- Purregebyr – første purring: 280 kroner
- Purregebyr – andre purring: 490 kroner
- Gebyr for rekning på papir: 18 kroner per rekning
Gebyr som ikkje er betalt, blir lagt til på neste rekning.
Størrelsen på gebyra er fastsett i Lånekassens forskrifter og er politisk bestemt.
Kva er gjeldande forseinkingsrente?
Forseinkingsrenta blir fastsett to gongar i året av Finanstilsynet. Den følger styringsrenta til Norges bank med eit påslag på 8 prosentpoeng. Er styringsrenta på 4 prosent, blir altså forseinkingsrenta sett til 12 prosent. Sjå Finanstilsynet si nettside for å sjå kva forseinkingsrenta er no.
Sjekk kva forseinkingsrenta er no (finanstilsynet.no)
Så mykje kostar forseinkingsrentene deg
Betaler du rekninga for seint, bereknar vi forseinkingsrenter på det beløpet du skulle ha betalt, frå den første dagen etter forfallsdato, og fram til du betalar rekninga di.
Dersom du har eit terminbeløp på 2500 kroner, vil det med 12 % forseinkingsrente bli berekna 82 øre per dag per terminbeløp. Fram til lånet ditt blir sagt opp, har det blitt berekna ca. 148 kroner totalt i forseinkingsrenter.
Dersom lånet ditt blir sagt opp, vil det etter oppseiinga bli rekna forseinkingrenter på heile gjelda di. Har du for eksempel ei gjeld på 410 000 kroner, vil ein månad med forseinkingsrenter utgjere nesten 4100 kroner.
