Når du skal begynne å betale på lånet

Når du ikkje får støtte til fulltidsutdanning frå Lånekassen lenger, skal du begynne å betale på studielånet ditt.

Kva skjer når du er ferdig å studere?

Når du ikkje lenger får pengar få Lånekassen til fulltidsutdanning, kjem rekningane, anten du er ferdig med utdanninga eller ikkje. Men du får ein betalingsfri periode på omtrent sju månader etter den siste perioden med støtte.

Vi begynner å legge til renter på lånet ditt frå dagen etter støtteperioden din har gått ut. Har du for eksempel fått lån og stipend til og med 15. juni, legg vi renter på lånet frå og med 16. juni. Støtteperioden din finn du i vedtaksbrevet om lån og stipend som ligg i postkassen på Dine sider.

Alle får flytande rente på lånet i utgangspunktet, og den flytande renta er den same for alle. Om du ønsker det, kan du søke om fast rente.

Les meir om renter på studielånet.

Dersom du ønsker å begynne nedbetalinga av studielånet med ein gong, kan du bestille ein betalingsplan.

Omtrent 5 månader etter studia

Du får automatisk ein betalingsplan frå oss cirka fem månader etter du slutta å få lån og stipend frå Lånekassen.

I betalingsplanen får du detaljert informasjon om når du skal begynne å betale, kor lang nedbetalingstid du har på studielånet og kor mykje du skal betale kvar månad.

Om du ønsker å betale ned lånet ditt raskare enn det er lagt opp til i betalingsplanen, kan du endre den til å betale eit større beløp kvar månad.

Omtrent 7 månader etter studia

Dette er første nedbetaling på lånet, og du vil få rekning kvar månad framover.

Pass på at du har godtatt å få e-faktura eller avtalegiro frå oss, for å unngå å få rekningane på papir. Får du rekninga i posten, må du betale eit fakturagebyr på 18 kroner per rekning.

Forfallsdato på rekningane er i utgangspunktet den 15. kvar månad, men du kan endre forfallsdato til den 5. eller 25. i månaden dersom du ønsker det.

Du kan utsette rekningane frå Lånekassen til saman 36 gongar, som tilsvarer tre år, i løpet av nedbetalingstida di. Kan du ikkje betale rekninga innan forfallsdatoen, bør du søke om å få rekninga utsett. Purregebyra i Lånekassen er høgare enn dei fleste andre stader.

Du må logge inn for å endre forfallsdato og for å søke om betalingsutsetjing.

Omtrent eit år etter studia

Dersom du var bortebuar, bestod utdanning og hadde inntekt og formue under grensene, får du gjort om lån til stipend. For dei fleste skjer omgjeringa for det siste semesteret med lån først sommaren året etter det siste lånet blei utbetalt. Årsaka til det er at vi ventar på informasjon om årsinntekta di frå skatteetaten.

Les meir om korleis omgjering fungerer

Betalingsfri periode

Det tar rundt 7 månader frå du er ferdig med utdanninga til du skal betale første rekning.

Dette er ein betalingsfri, men ikkje rentefri, periode etter du er ferdig å få lån og stipend frå oss. Frå siste utbetaling av lån og stipend til du får den første rekninga tar det omtrent eit halvt år.

Dette skjer når du skal begynne å betale

Når du er ferdig med utdanninga di, om du går over til å studere utan støtte eller går frå fulltidsutdanning til deltid, skal du begynne å betale på studielånet

Omtrent fem månader etter den siste perioden du mottok stipend eller lån til fulltidsutdanning, får du ein betalingsplan med informasjon om korleis nedbetalinga blir. Cirka to månader etter det får du første rekning.

Har du berre søkt om lån som kan bli til stipend?

Når du søker om «berre lån som kan bli til stipend» til anna utdanning enn vanleg vidaregåande, får du utbetalt lån som seinare kan bli stipend. Har du ikkje fått gjort om lånet til stipend ennå og sluttar å få støtte frå oss, vil dette lånet vere med i gjelda di når vi sender ut betalingsplan. Omgjeringa av lån til stipend skjer først året etter du bestod utdanning, fordi vi ventar på opplysningar om årsinntekta di frå skatteetaten.

Medan du ventar på å få lånet gjort om til stipend, kan du søke om betalingsutsetting fram til omgjeringa skjer. Vi slettar rentene som har blir lagt til på beløpet som blir gjort om til stipend, og justerer betalingsplanen din.

Kan du ikkje betale på lånet no?

Dersom du ikkje har moglegheit til å betale på lånet ditt, kan du søke om betalingsutsetting. Alle kan utsette betalinga opptil 36 gongar, tilsvarande tre år, i løpet av nedbetalingstida.

Er du framleis i utdanning, kan du også ha rett til å få sletta renter på lånet. Det gjeld også om du er i ein annan situasjon som gir rett til sletting av renter, for eksempel dersom du er arbeidsledig eller sjuk.

Aktuelt regelverk