Merk: Du kan berre søke om sletting etter denne ordninga for oppteningsperiodar som startar før utløpet av 2024. For oppteningsperiodar som startar i 2025 kan du søke etter den nye ordninga for sletting av studielån i utvalde distriktskommunar.
Kva for kommunar gjeld det?
Troms: Gratangen og Ibestad
Nordland: Rødøy, Nesna, Bø, Øksnes, Evenes, Vega, Flakstad, Moskenes og Andøy
Trøndelag: Leka, Røyrvik, Høylandet og Lierne
Møre og Romsdal: Aure
Ordninga gjeld også for låntakarar som har vore yrkesaktive legar i dei tidlegare kommunane Torsken og Berg i Troms, Tysfjord i Nordland og Fosnes i Trøndelag.
Dersom du bur og jobbar i Finnmark eller Nord-Troms, kan du søke om sletting av gjeld på grunnlag av det.
Kven kan søke?
Det er berre yrkesaktive legar i dei aktuelle kommunane som kan få sletta gjeld i denne ordninga.
Du treng ikkje å bu i kommunen.
Du må ha vore yrkesaktiv i ei oppteningsperiode på tolv månader før du kan søke. Yrkesaktiviteten må ha vore minst 50 prosent i gjennomsnitt i den kommunen eller tidlegare kommunen som er omfatta. Du må ha vore yrkesaktiv der i heile perioden.
Kor mykje blir gjelda redusert med?
Du kan få sletta inntil 20 prosent av det opphavlege studielånet ditt, altså gjelda du hadde då du begynte å betale tilbake. Maksbeløpet du kan få sletta er 30 000 kroner i året.
Kva er søknadsfristen?
Du må søke innan tre månader etter at du har fullført oppteningsperioden.
Korleis søker eg?
Du kan berre søke etter denne ordninga for oppteningsperiodar som byrjar innan 31.12.2024. Du kan logge inn på Dine sider og sende eit brev med dokumentasjon som stadfestar at du har arbeidd som lege i ein eller fleire av dei kommunane som er omfatta av ordninga for legar.
For oppteningsperioder fra og med 1.1.2025 må du søke etter den nye ordninga for sletting av studielån i utvalde distriktskommunar.
