Reduksjon av gjeld for deg i Finnmark og Nord-Troms
Dersom du har budd og jobba i Finnmark eller utvalde kommunar i Troms i 12 månadar samanhengande, kan du få sletta 60 000 kroner av det utdanningslånet du hadde ved avslutta utdanning kvart år. Dette beløpet gjeld for oppteningsperiodar som startar tidlegast 1. januar 2025. For oppteningsperiodar som startar i 2024, er beløpet 20 prosent av opphavleg lån, maksimalt 30 000 kroner.
Med i ordningen er alle kommunene i Finnmark fylke og sju kommuner i Troms fylke: Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen og Karlsøy.
Hvis du jobber som lærer i grunnskolen, kan du få slettet ytterligere 20 000 kroner i året. Les om denne ordningen nederst på denne siden.
Du må bu og jobbe i Finnmark eller Nord-Troms i minst 12 månader
For å få sletta gjeld, må vere både busett og yrkesaktiv i Finnmark eller Nord-Troms i ein oppteningsperiode på 12 månader. Dersom du var student før du begynte oppteninga, bør du lese avsnittet om kven som ikkje blir rekna som yrkesaktive.
Kven blir rekna som busett og yrkesaktiv i Finnmark eller Nord-Troms?
For at vi skal rekne deg som busett i Finnmark eller Nord-Troms må du både vere folkeregistrert der og faktisk bu der.
For at vi skal rekne deg som yrkesaktiv, må du oppfylle minst eitt av punkta under:
- arbeid i minst 50 prosent stilling
- fulltidsarbeid i minst seks månader av oppteningstida og registrert arbeidssøkar hos Nav i dei resterande seks månadene
- har omsorg for barn født i 2016 eller seinare, eller har særleg tyngande omsorgsplikter i nærmaste familie.
- har studiepermisjon med stipend eller lønn tilsvarande minst 50 prosent av full stilling, der lønna blir betalt av ein arbeidsgivar i Finnmark eller Nord-Troms
- er tilsett i transportsektoren, på skip, oljeleitingsfartøy eller faste installasjonar på kontinentalsokkelen og er busett i Finnmark eller Nord-Troms.
Dersom du er sjukmeldt i perioden, reknast denne tida med i oppteningsperioden.
Som yrkesaktive reknast òg dei som i heile eller delar av arbeidstida arbeider frå heimekontor i Finnmark eller Nord-Troms, og der arbeidsgivars verksemd ligg utanfor Finnmark eller Nord-Troms.
Kven blir ikkje rekna som yrkesaktiv?
Du blir ikkje rekna som yrkesaktiv dersom du i oppteningsperioden for eksempel har vore fulltidsstudent, har avtent førstegongsteneste eller har vore elev ved ein militær skole. Då har du heller ikkje rett på å få sletta gjeld.
Merk: Periodar du fekk eller kunne ha fått støtte frå Lånekassen til fulltidsutdanning, kan du ikkje ta med i oppteningsperioden. Eksempel: Dersom du fekk eller kunne ha fått støtte heile haustsemesteret, startar ikke oppteninga før 16. januar, jamvel om du starta å jobbe før det. Det er fordi Lånekassen reknar haustsemesteret frå 16. august til og med 15. januar.
Du kan vente med å betale til søknaden er behandla
Når du har sendt inn ein søknad om sletting av gjeld, kan du vente med å betale rekningane frå oss til du får svar på søknaden. Du vil ikkje få purringar i mellomtida.
Du treng ikkje å betale avdrag, berre renter
Så lenge du får sletta lån etter denne ordninga skal du betale renter, men ikkje avdrag på sjølve lånet. Det vil seie at rekningane du får det neste året etter du har fått sletta gjeld, berre inneheld renter og eventuelle gebyr.
Har du likevel betalt avdrag på lånet etter at du fekk sletta gjeld, kan du kontakte oss for å få refundert ein del av beløpet.
Berre lån som er rettmessig tatt opp
Det er berre lån som kan slettast, ikkje renter og gebyr. Du kan berre få sletta lån som er rettmessig tatt opp. Urettmessig mottatt lån, eller urettmessig mottatt stipend, som er gjort om til lån, kan ikkje slettast.
Søknadsfrist
Du må søke innan tre månader etter at oppteningsperioden er over. Oppteningsperioden er dei 12 månadene du oppfyller vilkåra for å få sletta lån.
Slik søker du
Du må logge inn for å søkje. Søknaden for sletting av lån er felles for fleire ordningar. Når du søker, hentar vi data som avgjer kva ordning som gjeld for deg. Dersom vi ikkje klarer å hente data, får du beskjed om å sende inn dokumentasjon.
