Har du sjekka kva rettar du har?
Lånekassen kan slette renter på lånet ditt for ein periode dersom du har hatt låg inntekt og vore i ein situasjon som gir rett til sletting av renter. Du kan få betalingsutsetting i same periode. Det betyr at lånet ditt blir «frose» for denne perioden. Dette kan løyse eit betalingsproblem av kortare varigheit. Les meir om sletting av renter.
Dersom betalingsproblema skuldast at du har blitt ufør, kan du få heile eller delar av gjelda sletta. Les meir om sletting av gjeld for uføre låntakarar.
Er du ute av stand til å betale gjelda di?
Dersom du har økonomiske vanskar, kan du søke om å få ein betalingsavtale, ei gjeldsordning, eller å få sletta (ettergitt) heile eller ein del av lånet. Det er Innkrevjingsmyndigheita i Skatteetaten (IM) som behandlar slike søknadar på vegne av Lånekassen, og du må derfor sende søknaden til dei. Dette gjeld anten lånet ditt er overført til IM eller ikkje.
Legg ved dokumentasjon som viser den økonomiske situasjonen din. Søknadsskjema og meir informasjon om kva regler som gjeld, finner du hos Innkrevjingsmyndigheita.
Du kan også ringe Innkrevjingsmyndigheita på telefonnummer 75 14 90 00 for å få vite kva reglar som gjeld og korleis du søker. Dersom lånet ditt enno ikkje er overført til Innkrevjingsmyndigheita, må du be om å få snakke med dei som jobbar med gjeldsordningar. Sei at det gjeld eit 629-krav.
Merk at ei slik løysing normalt føreset at du ikkje har rett til betalingsutsetting i Lånekassen. Du bør altså først undersøke om du har rett til utsetting hos Lånekassen.
Søk gjeldsordning hos Innkrevjingsmyndigheita
Dersom du er i ein situasjon som gjer at du varig vil være ute av stand til å nedbetale gjelda di, kan du søke Innkrevjingsmyndigheita i Skatteetaten (IM) om gjeldsordning.
Gjeldsordning betyr at du kjem til ein avtale med alle kreditorane dine om at du nedbetaler ein del av gjelda og får sletta resten. Reglane i gjeldsordningsloven og lov om innkreving av statlige krav mv. (innkrevingsloven) gjeld som utfyllande regelverk.
Når du søker om gjeldsordning, må du legge fram dokumentasjon som viser den økonomiske situasjonen til både deg sjølv og eventuell ektefelle eller sambuar. Dette kan du få hjelp til av gjeldsrådgivaren i kommunen din.
Dersom du ønsker å søke om gjeldsordning, bør du ta kontakt med Innkrevjingsmyndigheita i Skatteetaten (IM) på telefon 75 14 90 00.
