Du kan utsette betalinga
Søk om betalingsutsetting
Det første du bør gjere når du ikkje kan betale ei rekning, er å søke om betalingsutsetting. Du kan utsette rekninga 36 gongar som tilsvarar 3 år, og det er ingen bestemte vilkår du må oppfylle for å utsette betalinga.
Du kan både utsette rekningar du allereie har fått og rekningar som skal komme seinare. Utset du framover i tid, sender vi deg ikkje rekninga.
Dersom betalingsfristen er passert kan du også få betalingsutsetting, men det er best om du søker før fristen. Da slepp du ekstra gebyr.
Visse situasjonar kan gi rett til sletting av renter dersom du samtidig har låg inntekt. Sjå kva for situasjonar som gir rett til sletting av renter.
Dette skjer når du utset betalinga
Når du får betalingsutsetting blir nedbetalingstida utvida tilsvarande. Det blir lagd til renter for dei månadane du ikkje betaler, og dei samla rentekostnadane blir høgare fordi du brukar lengre tid på nedbetalinga enn om du ikkje får utsetting. Dersom du seinare får råd til å betale meir enn du får rekningar på, kan du redusere dei samla rentekostnadane tilsvarande.
Eventuelle purregebyr som er lagt til lånet ditt, blir lagd på den neste rekninga du skal betale.
Dersom du kan betale ein del av beløpet, men ikkje heile
Dersom du kan betale ein del av rekninga, men ikkje heile, kan du søke om betalingsutsetting, og deretter betale inn det beløpet du ønsker. Denne løysinga forutset at betalingsutsetting blir innvilga. Hugs at du bruker ei utsetting sjølv om du betaler inn ein del av beløpet.
Har du brukt opp alle utsettingane dine?
Dersom du har brukt opp alle utsettingane du kan få utan å oppgi ein årsak, kan du berre få fleire om du sannsynleggjer at du har rett til å få sletta renter i den samme perioden.
Slik gjer du det:
- Send først ein søknad om å få sletta renter
- Send deretter ein søknad om betalingsutsetting
Rekkefølga er viktig, men du treng ikkje å vente på svar på søknaden om sletting av renter før du søker om utsetting.
