Kunstig intelligens kan gi store fordelar som fremmar samfunnsoppdraget vårt, men bruk av slik teknologi kan gi auka risiko for diskriminering og maktmisbruk. Bruken kan også gi auka risiko for personvernet til kundane våre. Lånekassen er derfor opptatt av å sikre at vi bruker kunstig intelligens på ein måte som er lovleg, rettferdig og ansvarleg.
Lånekassen bruker ikkje KI for å fatte vedtak. Vi kan likevel bruke KI i som hjelp for å føreseie saksmengda for Lånekassen, for å evaluere dei ulike støtteordningane våre og for å utvikle IT-systema. Lånekassen kan også bruke KI som hjelp for å gi tilpassa informasjon til kundane våre.
Bruk av maskinlæring i informasjonstiltak retta mot studentar som har opplyst å vere bortebuar
Lånekassen vil bruke KI i form av maskinlæring for å gi tilpassa informasjon til studentar som har opplyst å bu borte frå foreldra. Eit utval av studentar som har opplyst å vere bortebuar, vil bli minna om at det er viktig å gi oss riktige opplysningar om bustad. Formålet med informasjonstiltaket er å bidra til at støtte frå Lånekassen går til dei som har krav på den og ingen andre.
For å rettleie kundane våre mest mogleg målretta, vil vi bruke ein maskinlæringsmodell som foreslår kven som bør få informasjon. Å få informasjonen betyr ikkje at Lånekassen meiner at kunden har gitt oss feil opplysningar. Ein maskinlæringsmodell kan likevel bidra til at informasjonen blir meir treffsikker enn informasjon som vi sender breitt ut til store kundegrupper, utan bruk av maskinlæring.
Å utvikle modellen er ein prosess der vi undersøker kva for opplysningar som gjer at modellen har evne til å gi treffsikre forslag. Modellen blir trena på resultat frå tidlegare kontroller blant studentar som har opplyst å vere bortebuarar (bukontrollar) og personopplysningar vi har innhenta når vi har behandla søknader om studiestøtte.
Personopplysningane vi bruker er for eksempel studiepoeng, alder, studiestad og bustad. Modellen undersøker kva for faktorar som trekker opp sannsynet for at kunden ikkje er registrert med riktig bustadadresse hos Lånekassen, og kva som trekker ned.
Vår bruk av denne modellen blir rekna som ei profilering etter personvernforordninga. Les meir om dine rettar i personvernerklæringa vår.
