Informasjonskapslar er små tekstfiler som blir plasserte på datamaskina di når du lastar ned ei nettside. Dei aller fleste nettsider bruker slike informasjonskapslar.
Tenestene våre inkluderer:
- Lanekassen.no
- Dine sider
- Statistikk og analyse
- Foreldresignering
- Informasjon for lærestader
- Arbeidsflate for lærestader
- Søknader
Kvifor bruker vi informasjonskapslar?
Vi bruker informasjonskapslar på både opne og innlogga sider på lanekassen.no. Vi treng informasjonskapslar for å gjere tenestene våre betre, tryggare og enklare å bruke.
Nokre informasjonskapslar er heilt nødvendige for at nettstaden skal fungere, og kan ikkje veljast bort. For å forbetre nettsidene og tenestene våre, har vi også informasjonskapslar frå statistikk- og analyseverktøy. Ved å godkjenne desse, hjelper du oss i arbeidet med å lage gode, brukarvennlege nettsider og tenester.
Godkjenn eller avvis informasjonskapslar
Første gong du besøker nettsidene våre, kan du velje om du vil godkjenne alle informasjonskapslar eller berre dei nødvendige. Dersom du godkjenner alle, slettar vi dei valfrie informasjonskapslane etter 90 dagar og spør deg på nytt.
Du kan når som helst endre eller trekke tilbake samtykket du har gitt.
Det ligg også ei lenke i menyen i botnen av lanekassen.no, som du kan klikke på for å endre samtykke for informasjonskapslar.
Du kan bruke innstillingane i nettlesaren din for å avvise bruk av informasjonskapslar. Dersom du slår av all bruk av informasjonskapslar, kan det påverke korleis tenestene våre fungerer, og gi deg ei dårlegare oppleving.
Kva for informasjonskapslar bruker vi?
Informasjonskapslar for statistikk- og analyseformål
Lånekassen bruker Siteimprove som analyse- og statistikkverktøy. Vi bruker det for å rette feil og manglar, analysere besøk og korleis du navigerer i tenesta.
Når Lånekassen bruker informasjonskapslar til statistikk- og analyseformål, lagrar vi ikkje informasjon som kan identifisere deg personleg. Opplysningane blir behandla i avidentifisert og aggregert form. At opplysningane er avidentifiserte betyr at vi ikkje kan spore opplysningane vi samlar inn tilbake til deg. Vi anonymiserer IP-adressa, og kan ikkje kople bruksstatistikk til enkelte IP-adresser.
Siteimprove bruker følgande informasjonskapslar:
- nmstat: denne informasjonskapselen framstår i nettlesarens detaljar som om den har innstilling med ei varigheit på 1000 dagar. Denne framstillinga blir ikkje styrt av Lånekassen, men Lånekassen overstyrer innstillinga og slettar informasjonskapselen før dersom du ikkje samtykker. Formålet er å samle inn informasjon om brukaren sine besøk på nettsida. Informasjonskapselen inneheld ein tilfeldig generert ID som blir brukt til å kjenne igjen nettlesaren når ein brukar besøker ei side. Informasjonskapselen inneheld ikkje personopplysningar og blir berre brukt til statistikk på bruk av sida.
- AWSALBCORS: denne informasjonskapselen har ei varigheit på sju dagar. Den skal sikre at alle analysedata for same besøk (brukarsesjon) blir sendt til same endepunkt. Dette blir brukt til å samstille kva sekvens ein person besøker ulike sider på, som igjen understøttar sporing av åtferd.
- sz-feedback-should-hide: informasjonskapselen lagrar om du har svart på tilbakemeldingsfunksjonen «fann du det du leitte etter», for å vite at boksen ikkje skal dukke opp igjen i same sesjon. Den blir sletta når du lukkar nettlesaren din.
Informasjonen som blir samla inn av Siteimprove blir lagra på selskapets serverar i ulike EU-land i samsvar med Siteimprove sine retningslinjer for personvern og databehandlaravtale med Lånekassen.
Informasjonskapslar for å presentere statistikk om ordningane våre
På sidene våre for statistikk og analyse, bruker vi informasjonskapslar som blir sett av tredjepartsløysinga Power BI (Microsoft). Dersom du ønsker å få tilgang til å sjå statistikk om ordningane våre, må du samtykke til denne typen informasjonskapslar når du besøker nettsida for statistikk.
Power BI set følgande informasjonskapslar:
- ARRAffinity: blir brukt av Microsoft til lastbalansering. Blir sletta når kunden lukkar nettlesaren.
- AFFAffinitySameSite: blir brukt av Microsoft til lastbalansering. Blir sletta når kunden lukkar nettlesaren.
- WFESessionID: blir brukt av Power BI session for å hjelpe med visualisering av data. Blir sletta når kunden lukkar nettlesaren.
- Ai_session: blir brukt av ytingsverktøyet Application Insights. Blir sletta etter ein time.
- Ai_user: blir brukt av ytingsverktøyet Application Insights. Blir i utgangspunktet sletta etter eit år. Den blir uansett sletta før dersom du ikkje samtykker.
Strengt nødvendige informasjonskapslar
Strengt nødvendige informasjonskapslar er informasjonskapslar som gjer det mogleg å bruke tenestene våre. Vi bruker strengt nødvendige informasjonskapslar til følgande formål:
- Innlogging Dine sider, søknader og Arbeidsflate for lærestader
- Tekniske analyser i App Dynamics
- Samtykke til informasjonskapslar
Desse informasjonskapslane blir rekna som strengt nødvendige fordi dei bidrar til å sikre tenestene så godt som mogleg, og etterleve krav til tryggleik.
Innlogging Dine sider, foreldresignering, søknader og Arbeidsflate for lærestader
Formålet med å behandle personopplysningar ved bruk av informasjonskapslar i autorisasjonsflyt er at innloggingstenestene våre skal fungere. Med autorisasjonsflyt meiner vi prosessen med å logge seg inn, og få tilgang til dei av tenestene våre som krev ei sikker innlogging.
Vi bruker følgande informasjonskapslar til autorisasjonsflyt:
Dine sider, foreldresignering og søknader
- lkauth: Denne informasjonskapselen lagrar informasjon om du er innlogga eller ikkje. Den blir sletta når du lukkar nettlesaren.
- Lk_idporten_nonce: Blir lagt til ved innloggingsforsøk. Varer i 15 minutt eller til kunden loggar inn. Informasjonskapselen blir brukt for å forhindre gjentakingsangrep og sikre at trafikken er autentisk og opphavleg stammar frå den autentiserte sluttbrukaren.
- Lk_idporten_correlation: Blir lagt til ved innloggingsforsøk. Varer i 15 minutt eller til du loggar inn. Informasjonskapselen blir brukt til tryggingsformål ved å kople relatert trafikk for å kunne oppdage mistenkeleg aktivitet.
Arbeidsflate for lærestader (AFL)
- aflauth: Denne informasjonskapselen lagrar informasjon om lærestadsbrukaren er innlogga eller ikkje. Den blir sletta når lærestadsbrukaren lukkar nettlesaren.
- aflauth-invitasjon: Blir brukt i prosessen for å invitere ein lærestadsbrukar til å bli brukar av AFL-portalen. Informasjonskapselen held på innlogga brukar frå ID-porten, inntil personen blir kopla til ein lærestadsbrukar og deretter kan logge inn i løysinga. Blir sletta når brukaren er kopla til ein lærestadsbrukar eller avbryt prosessen.
- afl_idporten_nonce: Informasjonskapselen blir lagt til ved innloggingsforsøk. Varer i 15 minutt eller til lærestadsbrukaren loggar inn. Informasjonskapselen blir brukt for å forhindre gjentakingsangrep og sikre at trafikken er autentisk og opphavleg stammar frå den autentiserte sluttbrukaren.
- afl_idporten_correlation: Blir lagt til ved innloggingsforsøk. Varer i 15 minutt eller til lærestadsbrukaren loggar inn. Informasjonskapselen blir brukt til tryggingsformål ved å kople relatert trafikk for å kunne oppdage mistenkeleg aktivitet.
- AspNetCore.Antiforgery: Informasjonskapselen blir brukt til å beskytte mot CSRF-angrep, for eksempel når brukaren sender inn data gjennom skjema og søknader. Dette beskyttar nettstaden mot falsk informasjon og bidrar til å hindre mogleg misbruk av identiteten til ein sluttbrukar. Blir sletta når brukaren lukkar nettlesaren.
- AspNetCore.Session: Blir brukt i ASP.NET Core for å støtte sesjonshandtering. Nødvendig for å gjennomføre søknader og fylle ut skjema som er vesentleg funksjonalitet. Blir rekna som strengt nødvendig for at funksjonalitet ikkje skal bryte saman og gi feil i data som er vanskeleg å løyse. Blir sletta når brukaren lukkar nettlesaren.
- LarestedProdAffinity: Blir sett av app gateway. Blir brukt for å handtere brukarens sesjon og sikre at førespurnader frå brukarens nettlesar landar på den same web-serveren som er strengt nødvendig for at brukaren skal kunne utføre sentrale operasjonar som å fylle ut skjema og søknader. Blir fjerna når brukaren lukkar nettlesaren.
- LarestedProdAffinityCORS: Blir sett av app gateway. Blir brukt for å handtere brukarens sesjon og sikre at førespurnader frå brukarens nettlesar landar på den same web-serveren som er strengt nødvendig for at brukaren skal kunne utføre sentrale operasjonar som å fylle ut skjema og søknader. Blir fjerna når brukaren lukkar nettlesaren.
Tekniske analyser i App Dynamics
Lånekassen bruker verktøyet App Dynamics til tekniske analyser for å følge med på korleis tenestene fungerer, og for å avdekke feil. Informasjonskapslar som blir brukt til tekniske analyser er ofte ein føresetnad for å overvake at tenesta fungerer, og for å forstå feilsituasjonar godt nok til å utbetre feila. Informasjonskapslane vi bruker i App Dynamics har dette formålet, og vi har derfor vurdert dei som strengt nødvendige.
App Dynamics bruker følgande informasjonskapslar:
- ADRUM_BTa: inneheld ein transaksjons-ID og tidsinformasjon, og blir brukt til å samanlikne brukaropplevinga med kvaliteten til tenestene våre. Varar i 30 sekund.
- ADRUM_BTg: inneheld ein transaksjons-ID og blir brukt som ein alternativ metode for å samanlikne brukaropplevinga med kvaliteten på tenestene våre. Varer i 30 sekund.
- ADRUM_BT (1-5): inneheld forretningstransaksjonsnumra og tidsbruk, og feilinformasjon for dei første fem transaksjonane. Varar i 30 sekund.
- ADRUM_BTs: inneheld ei kopling frå eit augeblikkbilete av nettlesaren til eit augeblikkbilete i tenestene våre. Varar i 30 sekund.
- ADRUM_BTh: denne informasjonskapselen blir sett berre dersom det oppstår ein feil i ei av tenestene våre.
- ADRUM: informasjonskapselen blir lagra når ein kunde trykker på ei lenke i ei av tenestene våre. Informasjonskapselen inneheld lenke til kvar kunden var før hen trykte på lenka, og tidsinformasjon for å overvake yting og gi informasjon om at ein feil kan ligge hos klienten. Blir sletta når kunden lukkar nettlesaren.
- SameSite: Denne informasjonskapselen gjer det mogleg for koden som køyrer i nettlesaren din å få tilgang til ADRUM_BT-informasjonskapselen for å oppretthalde forretningstransaksjonskorrelasjon. Når SameSite-informasjonskapslar er til stades, har koden tilgang til ADRUM_BT-informasjonskapselen med forretningstransaksjonsdata. Utan SameSite-informasjonskapslar kan ikkje koden analysere forretningstransaksjonsdata i informasjonskapselen som er sendt frå tenestene våre. Dette er fordi data blir sendt til ein annan stad enn lanekassen.no.
- ADRUM_AGENT_INFO, ADRUM_CLIENTINFO, ADRUM_XD_AGENT_ID og ADRUM_XD_AGENT_INFO: desse fire informasjonskapslane blir brukt til å spore brukaren på tvers av sider i tenestene våre.
Samtykke til informasjonskapslar
Vi har også ein nødvendig informasjonskapsel som skal hjelpe oss med å handtere samtykkeerklæringane for informasjonskapslar.
lksamtykke: Blir brukt for å hugse samtykket for informasjonskapslar du har gitt eller avslått på lanekassen.no. Informasjonskapselen hjelper oss med å avgjere om vi må vise banneret på nytt dersom det har kome nye informasjonskapslar sidan sist du ga ditt samtykke. Blir lagra til vi ber om nytt samtykke etter 90 dagar.