Viktig å vite for deg som skal ha studielån

Publisert: 25.07.2024
Når du har fått studieplass, kan du søke om studielån frå Lånekassen. Her er ti ting du må vite om stipend og lån:

1. Søk så fort du kan

Har du fått studieplass, kan du søke om stipend og lån. Det lønner seg å søke så raskt som mogleg, slik at du får pengane på konto til studiestart. Du søker via lanekassen.no.

2. Du må oppfylle tre vilkår for å få pengane utbetalt

For å få første utbetaling frå Lånekassen må du gjere følgande:

  • signere avtalen om støtte og registrere kontonummer
  • betale semesteravgift
  • melde deg opp til fag og undervisning

Det er eigne reglar dersom du går på privat høgskule eller tar nettundervisning. Sjekk med skulen din dersom dette gjeld deg. 

3. Du kan få 151 690 kroner i basislån

Fulltidsstudentar kan få 151 690 kroner i basislån studieåret 2024–2025. Du får utbetalt meir ved kvar semesterstart (27 580 kroner), deretter får du 10 343 kroner kvar månad. Studielånet kjem på konto den 15. kvar månad. Fulltidsstudentar i høgare utdanning får studiestøtte i 11 månader, frå august til og med juni. Dei som studerer deltid eller som går på folkehøgskule, får utbetaling frå august til og med mai.

4. Inntil 40 prosent kan bli gjort om til stipend

Inntil 40 prosent av det du får i basislån (60 676 kroner om du får maks) kan bli gjort om til stipend. For å få omgjering til stipend må du:

  • bu borte frå foreldra dine
  • ha inntekt og formue under fastsette beløpsgrenser
  • bestå utdanninga di

5. Du kan tene 214 213 kroner og framleis få fullt stipend

Studentar som jobbar ved sida av, kan i løpet av 2024 tene 214 213 kroner og framleis få full omgjering til stipend. Dette gjeld dersom du studerer minst sju månader i løpet av året. Studerer du i mindre enn sju månader i løpet av året, kan du tene 535 532 kroner og framleis få fullt stipend. Tener du over desse grensene, vil du få gradvis mindre omgjort til stipend. Det er eigne grenser for formue.

6. Du kan ha rett til fleire typar stipend og lån

Lånekassen gir også lån og/eller stipend dersom du for eksempel betalar skulepengar, har eller får barn, er over 30 år, eller har nedsett funksjonsevne. Dersom du blir sjuk medan du studerer, kan delar av lånet ditt bli gjort om til stipend.

7. Du kan få stipend og lån til deltidsutdanning

Du treng ikkje studere fulltid for å få stipend og lån. Det er kor mange studiepoeng du tar som avgjer kor mykje stipend og lån du kan få. Lånekassen kan gi stipend og lån i til saman 480 studiepoeng.

8. Må du avbryte utdanninga di? Då må du gi Lånekassen beskjed

Dersom du må avbryte utdanninga di, må du gi beskjed til Lånekassen – då vil utbetalingane stoppe. Du har berre rett til stipend og lån til fag eller utdanning du faktisk tar. Du må også gi beskjed dersom du bestemmer deg for å ta fleire eller færre studiepoeng. Byter du skule etter at du har søkt om lån og stipend, må du søke på nytt.

Du kan vere forseinka i utdanninga med inntil 60 studiepoeng. Er du meir forseinka enn dette, har du ikkje rett til lån og stipend, og du må ta igjen forseinkinga før du kan få meir støtte. Det finst nokre unntak, for eksempel dersom du har fått barn, eller dersom du har vore sjuk. Nytt frå i haust er òg at dersom du har betalt ned tidlegare studiegjeld, kan du starte på utdanning igjen med støtte frå Lånekassen, sjølv om du er fagleg forseinka.

9. Snusar du på utdanning i utlandet? Du kan få ekstra stipend til visse land

Du kan få stipend og lån til å ta ein heil grad i utlandet, eller du kan få støtte til eit kortare utanlandsopphald (utveksling), om du ønsker. For full oversikt over kva studentar i utlandet kan få, sjå Lånekassens nettsider.

Det blir gitt ekstra stipend til land som er definerte som strategisk viktige for Noreg. Dette gjeld utveksling i Brasil, India, Kina, Japan, Sør-Korea eller Sør-Afrika. Frå i haust aukar stipendet til 4 277 kroner per månad i inntil ti månader, og gjeld både gradsutdanning og kortare utvekslingsopphald.

10. Lånet er rentefritt medan du studerer

Studielånet er rente- og avdragsfritt så lenge du får støtte til fulltidsutdanning. Når du ikkje lenger får studielån, eller du går frå å studere på fulltid til deltid, vil rentene starte å løpe, og du vil rundt sju månader seinare få den første rekninga.

Les meir om endringar i det kommande studieåret på Lånekassens nettsider her: Endringar for elevar og studentar studieåret 2024-2025. Nytt i år er mellom anna at utdanning som er sett i gang av Nav, gir rett til støtte.

Student med briller ser på ein pc-skjerm. Foto.