Studiegjelda aukar, men mislighaldet er lågt

Publisert: 12.06.2025
Fleire studentar avsluttar utdanninga si med høg studiegjeld, og færre har låg gjeld. Også talet på studentar som går ut med over 1 million kroner i studiegjeld, aukar. Mislighald av studielån er likevel framleis lågt.

Ein nyutdanna student hadde i gjennomsnitt 457 000 kroner i studiegjeld i 2024, viser nye tal frå Lånekassen. Gjennomsnittsgjelda etter avslutta høgare utdanning har auka dei siste ti åra. I 2015 var gjennomsnittsgjelda 391 000 kroner (omrekna til 2024-kroner). Samstundes går færre studentar ut med lågare gjeld, og fleire har høgare gjeld når dei avsluttar utdanninga si no enn for ti år sidan. Det er fleire forklaringar på denne utviklinga:

– Dei siste åra har basislånet auka utover den ordinære prisjusteringa. I tillegg har det komme nye ordningar med moglegheit for å låne meir, og mellom 2017 og 2020 skjedde det dessutan ei gradvis utviding frå ti månader til elleve månader med studiestøtte, seier Kjetil Moen, direktør i Lånekassen.

104 000 studentar og elevar avslutta utdanninga si i 2024 – dette omfattar alle med støtte frå Lånekassen som avslutta utdanning i 2024, uavhengig av utdanningsnivå. Færre enn før avsluttar studia med låg gjeld. Samstundes aukar delen med høg gjeld. Til dømes hadde 16 prosent av studentane 600 000 kroner eller meir i studiegjeld etter fullført utdanning i 2024, mot 11 prosent i 2019 (prisjusterte tal).

Fleire har over 1 million kroner i studiegjeld

Det er òg fleire enn før som passerer 1 million kroner i studiegjeld etter fullført utdanning. I 2024 gjaldt dette 2 100 studentar, i 2023 var det 1 700 studentar og for fem år sidan 1 500.

Dei fleste med over 1 million kroner i studiegjeld har studert i utlandet. Utanlandsstudentar betaler ofte skulepengar, og ein del betaler òg høge skulepengar, og dei kan derfor låne meir. I gjennomsnitt hadde ein nyutdanna utanlandsstudent 754 000 kroner i studiegjeld i 2024, medan ein nyutdanna student i Noreg hadde 434 000 kroner i gjennomsnitt.

Få har varige betalingsproblem

Lånekassens tilbakebetalarar har god betalingshistorikk, og mislighaldet av studielån er lågt. Både delen purringar og delen som får lånet sagt opp på grunn av mislighald, har gått ned dei siste ti åra.

I 2024 sende Lånekassen ut 7,7 millionar rekningar. 3,2 prosent av desse vart ikkje betalt innan fristen, og enda derfor med purring. Også delen kundar som ikkje betaler etter gjentatte purringar, og som dermed får lånet sagt opp, er låg. Ved årsskiftet var det 2,9 prosent av Lånekassens tilbakebetalarar som hadde oppsagt studielån.

– Dette seier oss at sjølv om gjelda aukar, så klarer dei aller fleste å betale rekningane. Samstundes er det nokre som slit med å betale. Då er det viktig for oss at kundane kjenner til at vi har ordningar som kan hjelpe, som betalingsutsetting og gjeldslette. Å ikkje betale rekningane sine kan bli dyrt, seier Moen.

Mange søker om betalingsutsetting

Om ein ikkje kan betale rekninga frå Lånekassen, finst det fleire ordningar som kan hjelpe. Til dømes kan ein utsette betalinga inntil 36 gonger, tilsvarande tre år, utan å oppgi grunn. Når ein utset betalinga, vert nedbetalingstida utvida tilsvarande, og det vert lagt til renter for dei månadene du ikkje betaler.

I fjor valde 215 000 av Lånekassens 800 000 tilbakebetalarar å utsette éi eller fleire rekningar, og til saman vart 1,5 millionar rekningar utsette. Til samanlikning vart 833 000 Lånekasse-rekningar utsette i 2019, det siste året før koronapandemien. Under pandemien kunne Lånekassens kundar utsette betalinga utan å bruke av den ordinære kvoten, og bruken av utsetting auka. Bruken har vore høg òg i åra etter pandemien.

Desse tala, og mange andre nøkkeltal om studentar og tilbakebetaling av studielån, er publiserte i rapporten Utdanningsstøtta 2025: Utdanningsstøtta 2025 – nøkkeltal frå Lånekassen

* Gjennomsnittsgjeld er kvart år rekna ut frå gjeld ved avslutta høgare utdanning. Det vil vere noko gjeld som seinare vert gjort om til stipend.