1. Søk så snart du kan
Når du har fått studieplass, kan du søke om lån og stipend. Det er lurt å søke så snart som mogleg, slik at du får første utbetaling tidlegast mogleg. Dei fleste søknadene blir behandla i løpet av eit døgn, men nokre saker er meir kompliserte, og då tar det lengre tid før du får svar.
2. Dette kan du få støtte til
Utdanning ved alle universitet og godkjende høgskular gir rett til støtte frå Lånekassen. Du kan få støtte til å ta 480 studiepoeng, som tilsvarar åtte år med fulltidsutdanning. Du søker om lån og stipend via lanekassen.no. Du får beskjed når søknaden din er ferdig behandla.
3. Dette må du gjere før du får utbetaling
Etter at søknaden din er ferdig behandla, og du har fått innvilga studiestøtte, må du gjere følgjande før Lånekassen kan betale ut pengar til kontoen din:
- melde deg opp til fag og undervisning
- betale semesteravgift
- signere avtale om studiestøtte som du får når søknaden er ferdig behandla
- registrere kontonummer på Dine sider på lanekassen.no
4. Du kan få 166 859 kroner i basislån
Fulltidsstudentar kan få 166 859 kroner i basislån studieåret 2025–2026. Fulltidsstudentar i høgare utdanning får studiestøtte i elleve månader (august–juni), medan dei som studerer deltid eller går på folkehøgskule, får utbetaling i ti månader (august–mai). Du får utbetalt meir i starten av semesteret enn elles i året. Utbetaling skjer den 15. kvar månad.
5. Inntil 40 prosent kan bli til stipend
Studentar som bur borte, kan få inntil 40 prosent av basislånet gjort om til stipend etter bestått eksamen/utdanning. Tar du enkeltemne eller eit årsstudium, kan du få omgjort 15 prosent av basislånet, medan om du fullfører ein grad, får du gjort om ytterlegare 25 prosent.
6. Hugs inntekts- og formuesgrensene
Studentar som jobbar eller har formue, får like mykje i basislån som andre, men dei som har inntekt eller formue over fastsette beløpsgrenser, vil få mindre av basislånet gjort om til stipend. Inntektsgrensene i 2025 er 224 709 kroner for dei som studerer i sju månader eller meir i 2025, medan ho er 561 773 kroner ved utdanning under sju månader. Det er eigne grenser for formue. Stipendet blir gradvis redusert ved inntekt eller formue over grensene.
7. Du kan også ha rett på andre typar lån og stipend
Som student kan du også ha rett på andre typar lån og stipend. Har du barn, nedsett funksjonsevne eller blir sjuk, kan du få meir i stipend.
Er du over 30 år, kan du få tilleggslån.
Skal du betale skulepengar, kan du låne meir til det. Maksimalt lån til skulepengar i Noreg for eitt år er 79 432 kroner.
8. Gir også stipend og lån til deltidsutdanning
Du kan få lån og stipend både til fulltids- og deltidsutdanning. Kor mykje du får, kjem an på kor mange studiepoeng du tar.
9. Du kan vere inntil 60 studiepoeng forseinka
Du kan vere inntil 60 studiepoeng, tilsvarande eitt års fulltidsutdanning, fagleg forseinka. Er du meir forseinka enn dette, må du ta igjen forseinkinga før du kan få lån og stipend igjen. Det finst nokre unntak, for eksempel om du har fått barn eller har vore sjuk. Har du nedbetalt tidlegare studiegjeld, kan du få studiestøtte igjen sjølv om du er fagleg forseinka.
10. Viktig å gi Lånekassen beskjed om endringar
Dersom du avbryt utdanninga, må du gi beskjed til Lånekassen. Du må også melde frå om du bestemmer deg for å ta fleire eller færre studiepoeng. Du har berre rett til lån og stipend for fag eller utdanning du faktisk tar. Byter du studiestad etter at du har søkt om lån og stipend, må du søke om støtte på nytt.