Skal du studere til hausten? Dette bør du vite om studielån

Publisert: 23.07.2026
Skal du studere til hausten og søke om stipend og lån? Her er det viktigaste du treng å vite.

1. Du kan søke når du har fått studieplass

Så snart du har fått stadfesta studieplass, kan du søke om stipend og lån. Dei fleste søknadene blir behandla i løpet av eit døgn, men nokre saker er meir kompliserte og tek lengre tid å behandle. Du må søke på nytt kvart studieår.

2. 170 368 kroner i basislån

Er du heiltidsstudent, kan du få 170 368 kroner i basislån neste studieår. Heiltidsstudentar i høgare utdanning får studiestøtte i elleve månader, medan deltidsstudentar og dei som går på folkehøgskule, får studiestøtte i ti månader. Du får utbetalt meir i starten av semesteret enn elles i året. Utbetalinga skjer normalt den 15. kvar månad.

3. Fullfører du gradsstudium, kan du få høgste stipenddel

Studentar som ikkje bur saman med foreldra sine, kan få gjort om inntil 40 prosent av basislånet til stipend. For å få høgste stipenddel, altså få gjort om 40 prosent, må du fullføre ei grad. Dersom du tek enkeltemne eller eit årsstudium, kan du berre få gjort om 15 prosent av basislånet til stipend.

4. Skal du betale skulepengar, eller har du barn?

Lånekassen tilbyr óg andre typar stipend og lån. Har du barn, nedsett funksjonsevne eller blir sjuk, kan du få meir stipend. Er du over 30 år, kan du søke om tilleggslån. Skal du betale skulepengar, kan du søke om støtte til dette. På nettsidene til Lånekassen kan du bruke ein kalkulator for å sjå kor mykje du kan få.

5. Dette må du gjere for å få pengane inn på konto

Når søknaden din er innvilga, må du gjere følgjande for å få pengane utbetalt:

  • betale semesteravgift
  • melde deg opp til fag og undervisning
  • signere avtale om lån og stipend med BankID
  • registrere kontonummer på Dine sider på lanekassen.no

6. Hugs inntekts- og formuesgrensene

Dersom du jobbar ved sida av studia eller har formue, kan det påverke kor mykje av lånet som kan gjerast om til stipend. Inntektsgrensa i 2026 er 234 821 kroner dersom du får studiestøtte heile året, og 587 053 kroner dersom du får støtte i sju månader eller kortare. Det er eigne grenser for formue. Stipendet blir gradvis redusert dersom inntekta eller formuen overstig grensene.

7. Du kan få støtte til både heiltids- og deltidsstudium

Studium ved alle universitet og godkjende høgskular gir rett til støtte frå Lånekassen. Du kan få støtte til å ta 480 studiepoeng, som svarer til åtte år med heiltidsstudium. Du kan få stipend og lån både til heiltids- og deltidsstudium.

8. Du kan vere 60 studiepoeng forsinka

Du kan vere inntil 60 studiepoeng, tilsvarande eitt år med heiltidsstudium, forsinka i utdanninga. Er du meir forsinka enn dette, må du ta inn att forsinkinga før du kan få meir studiestøtte. Det finst nokre unntak, til dømes dersom du har fått barn eller har vore sjuk. Har du betalt ned tidlegare studiegjeld, kan du få studiestøtte att sjølv om du er fagleg forsinka.

9. Skal du ta lærarutdanning? Då kan du få sletta studielån

Nyutdanna lærarar kan få sletta ein stor del av studielånet sitt. Det finst tre ulike ordningar for sletting av gjeld for lærarar. Sjå nettsidene til Lånekassen for oversikt.

10. Gje Lånekassen beskjed dersom noko skjer

Dersom du avbryt studia, må du gje beskjed til Lånekassen. Du må óg melde frå dersom du bestemmer deg for å ta fleire eller færre studiepoeng. Du har berre rett til stipend og lån til fag eller utdanning du faktisk tek. Byter du studiestad etter at du har søkt om stipend og lån, må du søke om støtte på nytt.

Kvinneleg student som les i ei bok. Foto.